Stefan Zweig () er ein av dei viktigaste tyskspråklege forfattarane i mellomkrigstida.
Liv og virke Stefan Zweig vart fødd i Wien i 1881 som andre son av ein bøhmisk tekstilfabrikant, Moritz Zweig og ei italiensk bankierdotter. Han voks opp i ein velståande austerriksk-jødisk familie. På gymnasiet utvikla han interesse for litteratur. Han studerte filosofi og litteraturvitskap ved universitetet i Wien.
Zweig er kjend som forteljar, essayist, lyrikar, biograf og dramatikar, og verka hans er omsette til mange språk. Den tidlege lyrikken hans var påverka av franske symbolistar, austerrikske impresjonistar og tyske nyromantikarar. Med bakgrunn i filosofistudiane sine skreiv han fengslande psykologiske noveller omkring kaotiske kjensler og sjelelege kriser (Amok, 1922; Verwirrung der Gefühle, 1927; Schachnovelle, 1942 som vart filmatisert 1960). Han skreiv om fleire historiske personar som Joseph Fouché (1929), Marie Antoinette (1932), Maria Stuart (1935) og Magellan (1938), og i samleverket Baumeister der Welt (1935) skriv han biografiar om mange diktarar: Balzac, Dickens, Dostojevskij, Hölderlin, Kleist, Nietzsche, Stendhal og Tolstoj.
Zweig hadde eit personleg humanistisk og pasifistisk syn som var bakgrunn for romanen Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1934)
Zweig og kona hans tok liva sine i Petrópolis ved Rio de Janeiro i Brasil i fortviling over undergangen til den europeiske kulturen.
Verk (utval) Silberne Saiten (1901), dikt Die Liebe der Erika Ewald (1904) Tersites (1907) «Brennendes Geheimnis» (1911), novelle «Verwirrung der Gefühle» (1927) , novelle Drei Dichter. Casanova - Stendhal - Tolstoi (1928), biografi Joseph Fouché (1929), biografi Marie Antoinette (1932), biografi Maria Stuart (1935), biografi Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1935) Castellio gegen Calvin oder Ein Gewissen gegen die Gewalt (1936) Ungeduld des Herzens (1939) Die Welt von Gestern (Ferdig i 1942, kom ut i 1944, omsett til Verden av i går, no.: 1949). Ingen reell sjølvbiografi, men ei tidsskildring frå leveåra til forfattaren. Schachnovelle (1941, omsett til Sjakknovelle, bm.: 1951, nn.: 2019) Balzac (biografi, fragment)
Bøker omsette til norsk Flukten, 1900 Amok, 1928 Joseph Fouche Portrett av eit politisk menneske, 1930 Helbredelse ved aand Franz Anton Mesmer — Mary Baker-Eddy, — Sigmund Freud, 1931 Marie Antoinette Bilete av ein gjennomsnittskarakter, 1933 Maria Stuart, 1936 Magellan, Mannen og hans verk, 1938 De utolmodige av hjertet, Roman, 1939 Verden av i går, 1948 Tolstoi, 1940 Verden av i går, 1951 Sjakknovellle, 1951 Evige øyeblikk Tolv historiske miniatyrar, 1952 Leporella, 1954 Den evige brors øyne 1959 Volpone : Komedie uten kjærleik i tre, 1965 De utålmodige av hjertet, 1966 Legender, 1969 Verden av i går 1993 I følelsenes vold, 2000 Sjakknovelle og andre tekstar. Skald 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stefan Zweig» frå , den 10. april 2009.
Bakgrunnsstoff
http://www.stefanzweig.de/ http://www.sbg.ac.at/ger/zweig/home.htm - Internationale Stefan Zweig Gesellschaft http://www.stefanzweig.org/ http://www.ub.fu-berlin.de/internetquellen/fachinformation/germanistik/autoren/multi_wxyz/szweig.html - Kommentierte Linksammlung
Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Jødiske forfattarar Kategori:Folk frå Wien