Eksingedalen kyrkje står på Flatekval i Eksingadalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1883.
Kyrkja er bygd i gråstein og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den andre kjende kyrkja på staden, og avløyste eit tømra kapell ein meiner var bygd på 1600-talet. Kapellet heitte Flatekval kapell, og i det var det berre messe ei gong om året. Resten av året søkte folk i Eksingadalen seg til andre kyrkjer, dei øvst i dalen reiste til Evanger kyrkje på Voss, dei frå nedste delen fór over fjellet til Mo kyrkje i Modalen og folk frå Eikemo og sørover sokna til Stamnes kyrkje.
Eksingedalen kyrkje er soknekyrkje i Eksingedalen sokn i Hardanger og Voss prosti.
Historie Eksingedalen vart skild ut som eige sokn i Hosanger prestegjeld i 1881. Frå 1968 til utfasinga av prestegjelda frå 2004 høyrde det til Vaksdal prestegjeld saman med Dale, Vaksdal og Stamnes sokn.
Kyrkjegard På kyrkjegarden står det ei minnestøtte over Nils A. Lavik, fyrste stortingsrepresentanten frå Kristeleg folkeparti. Det er partiet som har reist støtta.
Kjelder Norges Kirker: «Eksingedalen kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Eksingedalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Om Eksingedalen kyrkje på nettstaden scandion.no Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Vaksdal Kategori:Hartvig Sverdrup Eckhoff Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:1883 i Noreg Kategori:Kulturminne i Vaksdal