Eit hundreår eller sekel er ein periode på hundre år.
I den julianske og den gregorianske kalenderen vert hundreåra rekna etter Kristi fødsel, slik at til dømes det fjortande hundreåret byrjar i år 1301 og sluttar med år 1400, nesten synonymt med 1300-talet. Det gjeldande hundreåret er det tjueførste hundreåret etter Kristi fødsel.
Framandordet centennium, lite nytta på norsk, er latin og samansett av centum, som tyder 'hundre', og annus, som tyder 'år'. Sekel kjem frå latin sæculum og tyder 'tidsalder'. Ordet kunne i antikken ha tydingar som viste til regjeringstida for ein fyrste eller ei ein manns levetid, men no vert ordet nytta synonymt med ordet 'hundreår'.
Liste over hundreåra e.Kr.:
1. hundreåret 100-talet 200-talet 300-talet 400-talet 500-talet 600-talet 700-talet 800-talet 900-talet 1000-talet 1100-talet 1200-talet 1300-talet 1400-talet 1500-talet 1600-talet 1700-talet 1800-talet 1900-talet 2000-talet
Dei 20 siste hundreåra f.Kr.:
1. hundreåret f. Kr. 100-talet f.Kr. 200-talet f.Kr. 300-talet f.Kr. 400-talet f.Kr. 500-talet f.Kr. 600-talet f.Kr. 700-talet f.Kr. 800-talet f.Kr. 900-talet f.Kr. 1000-talet f.Kr. 1100-talet f.Kr. 1200-talet f.Kr. 1300-talet f.Kr. 1400-talet f.Kr. 1500-talet f.Kr. 1600-talet f.Kr. 1700-talet f.Kr. 1800-talet f.Kr. 1900-talet f.Kr.
Sjå òg Fin de siècle År
Kategori:Måleiningar for tid