«Dead End Street» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1966, skriven av låtskrivaren Ray Davies. Han vart opphavleg skrive som ein singel, men har sidan vorte gjeven ut som bonusspor på albumet Face to Face. Songen omhandlar fattigdom og elende i dei lågare klassane i det engelske samfunnet. Sonegen vart ein stor suksess i heimlandet, der han nådde femteplassen på singellista. I Noreg nådde songen sjuandeplass, medan han berre gjekk til 73. plass i USA. I 1976 plasserte musikkmagasinet New Musical Express songen på 72. plass på lista deira over dei 100 største singlane gjennom tidene.NME Writers All time best singles Det vart laga ein musikkvideo til songen.
Medverkande Ray Davies - solovokal, gitar Dave Davies - gitar, bass, korvokal John Dalton - bass, korvokal Mick Avory - trommer Nicky Hopkins - piano Det er kjend at The Kinks hadde gått til ein pub som ofte vart vitja av studiomusikarar medan dei spelte inn «Dead End Street» og fått ein trombonist der til å spele på songen.
Andre versjonar Songen har sidan vorte spelt av bandet The Jam, og både songen og musikkvideoen inspirerte Oasis-songen «The Importance of Being Idle» frå 2005.http://www.allmusic.com/album/dont-believe-the-truth-r741470
Ein norsk tekst vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Daudmannsvik». Denne vart spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs i 2004.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dead End Street (song)» frå , den 17. april 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar om fattigdom Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:The Jam-songar