Hopen er ei bygd og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal. Kommunen blei etablert 1. januar 1915, då Hopen og Brattvær kommunar blei utskilde frå Edøy kommune. Ved opprettinga hadde Hopen 1050 innbyggarar.

1. januar 1960 blei Hopen og Brattvær slått saman med Edøy kommune igjen, denne gongen med namnet Smøla kommune. Ved samanslåinga hadde Hopen kommune 1550 innbyggarar.

Hopen er administrasjonssenteret for Smøla kommuneSmøla kommune. Sidan midten av 1980-åra er det bygd opp forretningsområde og rådhus ved Riksveg 669. I 2008 kom her fleirbrukshall.

Ved vegen til Veiholmen ligg Hopen kyrkje.

"Gamle" Hopen sentrum ved Hopen hamn inneheldt daglegvarehandel, post, fiskemottak og kommunal kai. No finst bakeri, overnattingsbedrifter og restaurant.

Ved hamneinnløpet finst eit nasjonalt monument over Oscar Tybring, initiativtakaren til Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning, NSSR.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for gamle Hopen kommune frå 1915 til 1960: 1.1.1915Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Hopen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1960 1050 1240 1353 1454 1512 1550

Kjelder

Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Historie i Smøla Kategori:Geografi i Smøla Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1915 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1960 Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal