Distriktenes utbyggingsfond (DU) var tidlegare eit statleg fond i Noreg for å fremme næringsverksemd i distrikta, ved rådgjeving, lån og investeringstilskot. Det blei oppretta i 1961 og eksisterte fram til 1993 då det blei omorganisert som ein del av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). SND vart igjen frå og med 2004 ein del av Innovasjon Norge. Distriktenes utbyggingsfond hadde hovudkontor i Oslo.

Direktørane i Distriktenes utbyggingsfond var Reidar Carlsen (1961–1978), Leif Aune (1978–1990) og Terje Stubberud (1991–1992).

Kategori:Tidlegare norske statsetatar Kategori:Tidlegare norske bankar Kategori:Skipingar i 1961 Kategori:Nedleggingar i 1993