Novo mesto er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Søraust-Slovenia i Slovenia. I 1998 blei Dolenjske Toplice, Mirna Peč og Žužemberk skilde ut frå Novo mesto og oppretta som eigne kommunar, og i 2006 blei Šmarješke Toplice og Straža skilde utsom eigne kommunar.
Novo Mesto ligg ved elva Krka i den tradisjonelle regionen Dolenjska i Slovenia, og sjølve byen har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen vert rekna som det økonomiske og kulturelle senteret i regionen. I 2006 vart han sete for eit katolske bispedøme.
Historie Novo mesto, som tyder «ny by» vart grunnlagd som Rudolfswert (slovensk Rudolfovo) den 7. april 1365, kalla opp etter grunnleggjaren erkehertug Rudolf IV av Austerrike. Området der byen ligg har vore busett sidan førhistorisk tid.
Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart byen offisielt Novo mesto. På tysk vart han òg kalla Neustadtl. Under den andre verdskrigen gjekk byen fram og tilbake mellom Tyskland og Italia, før tyskarane til slutt tok kontroll over han.
I 1958 vart ein motorveg mellom Ljubljana og Zagreb i Kroatia bygd ferdig. I dag er denne vegen ein del av Europaveg 70. Med denne motorvegen vart Novo mesto langt betre knytt til resten av Slovenia og Jugoslavia, og vart gradvis eit viktig regionssenter.
Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Novo mesto 22 415 23 341 23 878 683 776 849 588 626 619 464 487 527 498 502 493 Kommunen Novo mesto 40 925 36 296 37 398
Galleri
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Novo Mesto» frå , den 25. april 2009.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Slovenia Kategori:Kommunar i Søraust-Slovenia statistiske region Kategori:Busetnader i Søraust-Slovenia statistiske region Kategori:Busetnader grunnlagde i 1360-åra