Geir Johannes Hovig () var ein norsk journalist og programleiar.

Hovig arbeidde som journalist i Associated Press og NTB, før han kom til NRK i 1970. Han var ei kjend stemme i NRK Dagsnytt, før han reiste tilbake til Trøndelag midt på 1970-talet.

Geir Hovig var ein «bluesgeneral» i Noreg. Han bidrog til å starte Notodden Bluesfestival og gjere denne kjend gjennom media. Hovig formidla inntrykk i radio frå mange festivalar i inn- og utland, ikkje minst frå USA.

Han leia radioprogramma Eldorado og Hovigs Hangar i NRK.

Kjelder

NRK Trøndelag - «Geir Hovig er død», 27. april 2009. ABCNyheter - «Bluesgeneral Geir Hovig er gått bort», 27. april 2009.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske programleiarar Kategori:NRK-tilsette Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Folk frå Namsos