MF «Austrheim», seinare «Bjørnefjord», «Boknafjord» «Bastø IV» og i dag «Sulafjord», er ei bilferje levert frå Trønderverftet i Hommelvik i april 1986 til Bergen-Nordhordland Rutelag. I februar 1995 vart ferja kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Bjørnefjord».
I februar 2001 vart ferja seld til Boknafjorden Ferjeselskap og omdøypt «Boknafjord». Ferja vart ombygd i juli 2001 og bildekket vart innebygd. I januar 2002 tok Det Stavangerske Dampskibsselskab over båten. 1. januar 2008 vart båten overført til Tide Sjø, før han den 20. desember 2010 vart seld til Bastø Fosen AS i Horten. Der fekk ferja namnet «Bastø IV».
I 2017 vart ferja seld til Fjord1 og døypt om til «Sulafjord».
I 2022 vann Fjord1 ferjeanbod 1 Finnmark og ferja vart reserve der.
Ferjesamband 1986–1994: Steinestø-Knarvik 1995–1996: Valevåg-Skjersholmane 1996: Arsvågen-Mortavika (utleigd) 1996-2000: Valevåg-Skjersholmane 2001–januar 2007: Mortavika–Arsvågen 2007–2011: Reserveferje og utleige 2007/2008: Reserverferje for Horten-Moss Sommaren 2010: Jektvik-Kilboghamn Frå mars 2011: Horten-Moss Frå 2016: Reserverferje
Kjelder
Skipet.no «Hordaland» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Bastø IV» på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Trøndelag Kategori:BNR-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:DSD-eigde fartøy Kategori:Bastø-Fosen-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1986 Kategori:Skip bygde ved Trønderverftet Kategori:1986 i Noreg