Give the People What They Want er det 18. studioalbumet til det engelske rockebandet The Kinks. Det kom ut i august 1981 i USA, men ikkje før januar 1982 i Europa. Dette kom av at Ray Davies ønskte å lage ein lengre video for albumet, men fekk til slutt ikkje råd til å fullføre prosjektet. Planar om å mikse albumet på nytt for den europeiske marknaden vart heller ikkje noko av. Albumet var meint å vere ei melding om media.

Etter suksessen med Low Budget gav The Kinks ut ei anna samling av harde, drivande rockesongar, med andre ord gjorde dei akkurat som tittelen på albumet sa, «gje folket det dei vil ha».

Singelen «Destroyer» er ei omarbeiding av «All Day and All of the Night».

Innhald

Medverkande The Kinks Ray Davies - gitar, klaverinstrument, vokal Dave Davies - gitar, vokal Jim Rodford - bass Mick Avory - trommer Ian Gibbons - klaverinstrument med: Chrissie Hynde - vokal på «Predictable», «Add It Up», «Art Lover» og «A Little Bit of Abuse» (ikkje oppført) Teknisk Ben Fenner - lydteknikar Robert Ellis - fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Give the People What They Want (The Kinks album)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:The Kinks-album Kategori:Arista Records-album Kategori:Album produserte av Ray Davies