Ole Hagbart Bremnes () var ein norsk skolemann og diktar, fødd på Bremnes i Kvæfjord og busett i Svolvær. Han var utdanna lærar, og arbeidde i over 40 år ved Svolvær barne- og ungdomsskole, der han var rektor i åra 1963-2000.
Blant utgjevingane av dikta hans er Ord fra en fjord (1992), der barna hans, Kari, Ola og Lars Bremnes, syng tekstane hans. Blant songane på denne plata er Grågåsa og Folk i husan. Året etter skreiv han tekstar til forestillinga Bak hundrede Mile for Festspillene i Nord-Norge, basert på diktinga til Knut Hamsun.
I åra 2006-2013 skreiv Ole H. Bremnes 100 portrett-artiklar i Våganavisa, desse blei gitt ut som to bøker: Ka du fortell (2010) og Ka du fortell 2 (2013).
Prisar Årets verk 1990 for Høgsarsteinen Blix-prisen 1994 Fylkeskulturprisen i Nordland 1998
Bibliografi Tolv tekster om årets gang (tekstar) 1990 Salmodikon (tekstar) 1998 Folk i husan (dikt) 2001 Settekassen (dikt) 2004 Ka du fortell (portrett) 2010 Ka du fortell 2 (portrett) 2013
Referansar
Bakgrunnsstoff NRK Nordland
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Kvæfjord Kategori:Folk frå Vågan