My Generation er debutalbumet til den engelske rockegruppa The Who, utgjeve 3. desember 1965 på Brunswick Records i Storbritannia. I USA kom albumet ut 25. april 1966 på Decca Records som The Who Sings My Generation, med eit anna plateomslag og eit litt anna innhald. I tillegg medlemmane i The Who, som var Roger Daltrey (vokal), Pete Townshend (gitar), John Entwistle (bass) og Keith Moon (trommer), hadde albumet bidrag frå studiomusikarane Nicky Hopkins (piano) og Jimmy Page (gitar) og vokalgruppa The Ivy League.

Albumet vart spelt inn like etter dei første singlane til The Who gjekk inn på listene og i heftet som kom med luksusutgåva av albumet vart det av bandet avvist fordi det var eit hastverksarbeid og dei følte at det ikkje representerte det dei gjorde på konsertane sine på den tida. Sjølv om det ikkje selde så godt som seinare album, nådde det femteplassen på den britiske albumlista, medan det ikkje gjekk inn på den amerikanske lista i det heile. Likevel har kritikarar ofte rangert albumet som eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene, særleg på grunn av den uvanleg harde stilen for den tida, som varsla om forskjellige hardrockstilar som punk og heavy metal.

Innspeling og songar I 1965 var The Who heilt klar etter å ha henta inn trommeslagaren Keith Moon og dei endra namn frå The Detours til The Who, etter å ha hatt namnet The High Numbers ei kort stund. Våren 1965 vart innspelinga av albumet påbyrja under den tidlege «Maximum R&B»-perioden deira og inneheld coverversjonar av populære R&B-songar som «I Don't Mind» og «Please, Please, Please», begge opphavleg av James Brown, i tillegg til eigne R&B-songar skrivne av gitaristen Pete Townshend. Det vart spelte inn ni spor, men fleire vart erstatta av Townshend-originalar skrive til ei ny innspeling i oktober.

I følgje heftet til luksusutgåva, vart «I'm a Man» fjerna frå den amerikanske utgåva på grunn av det seksuelle innhaldet. Den amerikanske utgåva brukte òg den britiske singelutgåva av «The Kids Are Alright», utan den korte instrumentale delen med maniske trommer og gitarfeedback før det siste verset.

Mange av songane på albumet vart gjevne ut på singlar. Utanom «My Generation», som kom ut før albumet kom ut og nådde andreplassen på UK Singles Chart, vart «A Legal Matter», «La-La-La Lies» og «The Kids Are Alright» òg gjevne ut på singlar av Brunswick etter at bandet hadde byrja å gje ut nytt materiale på etiketten Reaction i 1966. Sidan dei ikkje vart marknadsførte av bandet, selde dei ikkje like godt som «My Generation» eller Reaction-singlane. «The Kids Are Alright» nådde likevel åttandeplassen i Sverige.

«My Generation» og «The Kids Are Alright» er to av dei songane til bandet som har vorte mest spelt av andre artistar. Medan «My Generation» er ein rå, aggressiv song som var ein føregangar for heavymetal og punkrock, var «The Kids Are Alright» ein meir sofistikert song med klimprande gitarar, tredelte harmoniar og ein melodiøs vokal, men framleis med den drivande rytmen som The Who sine songar hadde på denne tida. I lag med andre tidlege Who-songar som «I Can’t Explain» og «So Sad About Us», vert han rekna som ein viktig føregangar for powerpop-rørsla.All-Music Guide "Power Pop" Entry «Circles» var ein song som vart spelt inn av det britiske freakbeat-bandet Les Fleur de Lys rundt same tida som albumet kom ut.

Utgjeving Den britiske utgåva av albumet synte bandet stå ved sidan av nokre oljetønner og sjå oppver mot kamera. John Entwistle hadde ein jakke med mønster etter det britiske flagget over skuldrene.https://www.rollingstone.com/music/music-features/the-whos-pete-townshend-on-raiding-vaults-for-my-generation-box-set-124688/ For den amerikanske utgåva vart dette erstatta av bandet som står under Big Ben.

Den britiske monoutgåva kom ut i Storbritannia på ny i 1979 på Virgin Records under Mod revival-bølgja. Denne gjekk ut av trykk i 1980, og sidan då var det ikkje offisielle britiske utgåver av albumet før albumet kom ut i ei luksusutgåve i 2002.

I 2002 vart albumet miksa til stereo og ommastra for luksusutgåva av Shel Talmy. Dette var første gongen desse songane kom ut i stereo.Andy Neill Deluxe Edition liner notes, p.23 Sjølv om stereomiksen har klårare lyd, harhan ikkje med mange overdubbar som er markante i originalmiksane i mono, som ein sologitar på «A Legal Matter» og «My Generation», og dobbelspora vokal på «The Good's Gone», «Much Too Much», «La-La-La Lies» og «The Kids Are Alright».

I 2008 vart dei originale britiske monomiksane gjevne ut i Japan som ein avgrensa dobbel-CD eller ein vanleg enkel CD. Begge variantane kom med bonusspor frå 1965.

I 2012 vart ei flat overføring frå dei originale masterlydbanda (for monopolata) overført til plate og gjeven ut i Japan. Same året kom ei monoutgåve ut i Storbritannia utan bonusspor med nyare generasjonar lydband som var fleire gonger unna det originale lydbandet.

I 2014 kom My Generation ut på iTunes og HDtracks i mono- og stereoversjonar med bonusspor. Monoutåva var mastra frå same kjelda som den japanske utgjevinga frå 2012. Stereoutgåva er miksa annleis enn 2002-utgåva.

18. november 2016 gav Brunswick/Polydor Europe ut ei luksusutgåve på fem CD-ar med dei fleste av dei tidlegare versjonane i ei samling. Samlinga består av dei originale monomiksane, stereomiksane og bonusspor på dei fire første platene og den femte, Primal Scoop - The 1964-1965 Demo Mixes.

Mottaking og ettermæle

I artikkelen sin i 1967 for Esquire skreiv skribenten Robert Christgau at My Generation «var den hardaste rocken i historia». I 1981 inkluderte han den amerikanske versjonen i sitt «elementære platebibliotek». Richie Unterberger hylla albumet som «den hardaste mod-poppen» som nokon er spelt inn i ei seinare melding for AllMusic: «Då albumet om ut hadde det dei villaste og mektigaste gitarane og trommene som var fanga på ei plate til då.» Mark Kemp skreiv om plata i The Rolling Stone Album Guide (2004):

Den amerikanske utgåva av albumet vart inkludert i «A Basic Record Library» av innspelinga frå 1950-åra og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981). I 2003 vart det rangert på 236. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene, og kåra til det nest beste gitaralbumet gjennom tidene av Mojo. I 2004 vart det rangert på 18. plassen på magasinet Q si liste over dei over dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2006 rangerte NME albumet på 49. plass på si liste over dei 100 største britiske albuma. I 2004 vart tittelsporet rangert på 11. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2006 vart «The Kids Are Alright» rangert på 34. plassen på Pitchfork si liste over dei 200 beste songane frå 1960-åra. I juni 2009 vart den redigerte, amerikanske utgåva frå 1966 av «The Who Sings My Generation» vald ut for National Recording Registry av amerikanske Library of Congress. Albumet vart rekna som «kulturelt viktig», og vil bli bevart og arkivert. Chris Jones skildra albumet for BBC som «eit av dei mest vitale og viktige årsakene til å elske rock 'n' roll».

Innhald Alle songar er skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde

The Who Sings My Generation

Luksusutgåvaa (2002)

Medverkande The Who Roger Daltrey - solovokal, munnspel, tamburin på «I Can't Explain» Pete Townshend - elektrisk gitar, korvokal, solovokal på «A Legal Matter» John Entwistle - bassgitar, korvokal Keith Moon - trommer, korvokal på «Instant Party»

Andre medverkande Nicky Hopkins - piano The Ivy League - korvokal på «I Can't Explain» og «Bald Headed Woman» Perry Ford - piano på «I Can't Explain» Jimmy Page - sologitar på «Bald Headed Woman»

Salslister Album ÅrListePlassering1965UK NME Chart Albums5

Singlar ÅrSingelListePlassering1965«My Generation»Billboard Pop Singles74UK Record Retailer Singles Charts21966«A Legal Matter»UK Record Retailer Singles Charts32«The Kids Are Alright»UK Record Retailer Singles Charts41

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «My Generation» frå , den 7. mai 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-album Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:Album produserte av Shel Talmy 237 Kategori:Decca Records-album Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Album spelte inn i IBC Studios