mini|Sant Alís er ein 1 675 m høg topp i Serra del Montsec.

La Serra del Montsec er ei fjellkjede i Spania. Fjella består av kalkstein og er om lag 40 km lang. Dei ligg delt mellom provinsen Lleida i Catalonia og provinsen Huesca i Aragon.

Geografi Montsecfjella går frå aust til vest og er delt inn i tre massiv av dei viktigaste elvane i Catalonia. Aust for det austlege massivet El Montsec de Rúbies går elva Segre med Noguera Pallaresa i midten. I vest går Noguera Ribagorçana som deler det sentrale massivet El Montsec d'Ares frå det vestlege El Montsec d'Estall i Aragón. Det høgaste fjellet er Santalís og ligg i det sentrale massivet med ei høgd på 1678 moh.

Sørsida er i hovudsak ein bratt vegg, medan nordsida er langt frå like bratt.

Bakgrunnsstoff Biletgalleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Serra del Montsec» frå , den 13. mai 2009.

Montsec Kategori:Catalonia