Anboto er eit kalksteinsfjell vest i regionen Baskarland i Spania og det høgaste fjellet i Urkiolafjella. Det ligg ikkje langt frå Urkiola nasjonalpark mellom Durango og Vitoria-Gasteiz.

Den enorme kalksteinsmassen inneheld mange fossil av korallar og store skjel.

Nordsida av fjellet er ein 1000 meter høg fjellvegg som ruvar over Atxondodalen. Sørsida er langt slakare og heller ned mot Urkiolamendipasset.

Anboto har alltid vore knytt til magi og baskisk mytologi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anboto» frå , den 15. mai 2009. oppgav desse kjeldene: Mendikat Web sobre Amboto Las montañas

Kategori:Fjell i Baskarland Kategori:Fjell i Spania