Magnar er eit mannsnamn sett saman av dei norrøne namnedelane magn, 'styrke', og -ar, moglegvis 'krigar', 'verjar' eller 'spyd'.
Magnar har namnedag den 29. mai.
Namnet er mest utbreidd i Noreg. Bruken av namnet tok til å veksa på 1890-talet. Det var mykje brukt frå rundt 1920 til rundt 1955, då rundt 0,25 % av nyfødde gutar blei kalla Magnar. Fram mot 2000 gjekk bruken så ned. I 2009 var det 2 852 norske menn som heitte Magnar.
Namneberarar Magnar, svigerfar til den frankiske kongen Guntram (ca 545–592) Magnar Berg-Sæther (1876–1948), norsk los Magnar Estenstad (1924–2004), norsk skiløpar Magnar Solberg (f. 1937), norsk skiskyttar og OL-vinnar Magnar Lundemo (1938–1987), norsk langrennsløpar og friidrettsutøvar Magnar Mikkelsen (f. 1938), norsk forfattar og journalist Magnar Mangersnes (f. 1938), norsk organist Magnar Norderhaug (1939–2006), norsk økolog og naturvernar Magnar Johnsgaard (f. 1944), norsk forfattar og dramatikar Magnar Bergo (f. 1949), norsk stortingspolitikar Magnar Åm (f. 1952), norsk komponist Lars Magnar Enoksen (f. 1960), svensk forfattar og runolog Magnar Dalen (f. 1963), norsk skiløpar og landslagstrenar Magnar Freimuth (f. 1973), estisk snøbrettkøyrar Magnar Kvalvik (f. 1979), norsk TV2-journalist
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Magnar» frå , den 28. mai 2009.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til eigenskapar Kategori:Namn knytte til strid