Andrej Aleksandrovitsj Zjdanov () var ein sovjetisk politikar. Han var frå og med 1939 medlem av politibyrå i kommunistpartiet og under den andre verdskrigen general og medlem av Leningradfrontens militærråd. Frå og med 1944 var han sekretær i sentralkommiteen med ansvar for ideologiske spørsmål, der han gjennomførte ei ekstrem antivestleg linje innanfor sovjetisk kulturliv og vitskap, kjend som zjdanovismen. I 1946 utløyste han bølgja av forfølgjingar mot fleire sovjetiske forfattarar, vitskapsmenn og komponistar. Sidan 1934 fronta han kravet om sosialistisk realisme i den sovjetiske litteraturen. Zjdanov var ein av dei mest trufaste mennene til Stalin og vart sett på som ein mogeleg «tronarving» etter sistnemnte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrej Zjdanov» frå , den 31. mai 2009.

Kategori:Sovjetiske politikarar Kategori:Bolsjevikar Kategori:Ukrainarar i andre verdskrigen Kategori:Personar frå Donetsk oblast