Spellemannprisen 1981 vart delt ut våren 1982. Dette var tiande gong utdelinga vart arrangert, og i samband med jubileet vart det delt ut fire spesialprisar. Den gjævaste, som gjekk under namnet sølvharpen/10 års jubileumspris, fekk Terje Rypdal. Han kunne tidlegare år ikkje få nokon ordinær pris sidan han hadde tysk plateselskap. Åge Aleksandersen og Henning Sommerro fekk kvar sine eksemplar av heidersprisen frå juryen, medan Svein Dag Hauge fekk eit diplom. Akkurat som ved førre utdeling vart det delt ut to prisar i klassen rock.
Vinnarar thumb|150px|Dirigent Mariss Jansons vann klassen Klassisk musikk/samtidsmusikk som dirigent for Oslo Filharmoniske Orkester i 1981. Klasse Artist Tittel Pop Trond Granlund Pleasant Surprise Rock (ny-rock) De Press Block to Block Rock (jazz-rock) Sidsel Endresen/Jon Eberson Group Jive Talking Folkemusikk/gammaldans Hørkelgaddan Tøffelmusikk Jazz Thorgeir Stubø Notice Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Filharmoniske Orkester/Mariss Jansons for 3 plater med Grieg Visesong Halvdan Sivertsen Liv laga Open klasse Geirr Lystrup Songen om kjærligheta Barneplate Trond Viggo Torgersen & George Keller Det by'ner nå Spesialpris: sølvharpen/10 års jubileumspris Terje Rypdal Spesialpris: heiderspris frå juryen Åge Aleksandersen Spesialpris: heidringspris frå juryen Henning Sommerro Litt ta me Spesialpris: diplom Svein Dag Hauge Pleasant Surprise
Kjelder Nettstaden ifpi.no
Kategori:Spellemannprisen Kategori:1982 Kategori:Musikk i 1981 Kategori:Musikk i 1982