Spellemannprisen 1997 blei delt ut i Chateau Neuf fredag 3. april 1998. Espen Lind vann heile tre prisar for albumet sitt, Red, og singelen «When Susannah Cries». Bjørn Eidsvåg blei Årets spellemann, og Lene Nystrøm fekk heidersprisen frå juryen dette året. Ein ny klasse som kom dette året var «hardrock», som blei vunne av Motorpsycho.

For første gong var prisutdelinga todelt. Første del blei via pop, rock og liknande klassar, medan andre del femna kategoriar som folkemusikk, gamaldans, jazz og viser. NRK produserte og overførte utdelinga og Claus Wiese og Herborg Kråkevik leia kvar sin del.

Vinnarar Klasse Artist Tittel Popsolist Espen Lind Red Popgruppe Velvet Belly Lucia Rock Poor Rich Ones From the Makers of Ozium Hardrock Motorpsycho Angels and Daemons at Play Dance/techno Palace of Pleasure Emperor Norton Folkemusikk Ragnhild Furholt Segner syng Danseorkester/gammaldans Gluntan Levandes live Jazz Vigleik Storaas Trio Andre bilder Klassisk musikk Sigurd Slåttebrekk Maurice Ravel: Musikk for piano Samtidsmusikk Trond Sæverud Ghosts: Fiolinmusikk av Hvoslef, Nordheim og Haugland Viser og viserock Odd Børretzen og Lars Martin Myhre Vintersang Open klasse Nils Petter Molvær Kmher Barneplate Petter Moen og Øyvind Gravdal Livet i Lyriaka Årets artist Espen Lind Årets nykomar Locomotives Spin Årets låt Espen Lind «When Susannah Cries» Årets spellemann Bjørn Eidsvåg Spesialprisen frå juryens Lene Nystrøm

Kjelder Nettstaden ifpi.no

Kategori:Spellemannprisen Kategori:1998 Kategori:Musikk i 1997 Kategori:Musikk i 1998