Ålen kyrkje står i Ålen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei langkyrkje frå 1881.

Ho er bygd i tre i nygotisk stil. Arkitekt for kyrkja var Jacob Digre. Kyrkja er orientert aust-vest med koret i aust og har hovudinngang gjennom tårnfoten i vest. Nord og nordvest for kyrkja er det gravplass.

Kyrkja ligg på nordsida av Fylkesveg 30.

Ålen kyrkje er soknekyrkje i Ålen kyrkjesokn i Gauldal prosti i Den norske kyrkja.

Inventar Altertavle Altertavla er måla av Carl Fridtjof Smith. Ho er frå innviingsåret og er ein kopi etter Rubens. Motivet er krossfestinga.

Preikestol Preikestolen er laga av arkitekten for kyrkja, Jacob Digre, og er i tre.

Døypefont Døypefonten er frå 1650 og er i messing. Kyrkja har to døypefontbekken frå 1789. Dei er også i messing.

Kyrkjeklokker Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Den eldste er frå 1736, den andre er frå 1907. Klokka frå 1907 er laga ved Bakklandets støperi og har innskrifta «Land, land høre Herrens ord».

Tidlegare kyrkjer i Ålen mini|venstre|Haltdalen stavkyrkje står no på Sverresborg i Trondheim. Vestportalen, som er den lengst til venstre av dei tre på biletet, er frå Ålen stavkyrkje. Dei to stavkyrkjene vart begge rivne i samband med at det vart bygde nye kyrkjer i 1881. Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen. Delar av stavkyrkja vart nytta då nabokyrkja Haltdalen stavkyrkje skulle setjast oppatt på museum i Trondheim på slutten av 1880-åra. Vestportalen, dørbladet og vestveggen i Haltdalen stavkyrkje stammar frå Ålen stavkyrkje. Portalen har halvsøyler og vassliljekapitél.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Sør-Trøndelag

Kategori:Kyrkjer i Holtålen Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kulturminne i Holtålen Kategori:1881 i Noreg