mini|Del av scenografien for operaførestillinga Tryllefløyten frå 1815. Scenografi er kunsten å setja i scene drama gjennom synlege og høyrbare verkemiddel. Ein bruker scenografi til å forklare aspekt som tid og rom og til å underbyggje og forsterke handling i mellom anna teater og film. Ein scenograf er ansvarleg for heile scenebildet gjennom heile det dramatiske forløpet i ei framsyning eller eit filma verk.

Scenografi dekkjer i dag alle område frå spelerommet til kostyme og sminke. Scenografen arbeider med alle faggrupper i teateret, både kunstnerisk og teknisk. I film blir som regel scenografiansvarleg kalla produksjonsdesignar.

Ordet «scenografi» er av gresk opphav. Skene var bygningen bak orchestron, speleplassen. Grafi er kunsten å framstilla og å beskriva. Scenografi var opphavleg dekorasjon av denne scenebygninga for å forklara tid og stad i handlinga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scenografi» frå , den 16. juni 2009.

Master's Degree in Urban Scenography in Barcelona

Bakgrunnsstoff

Kategori:Drama Kategori:Ord av gresk opphav