Brudavolltunet er eit museum i Ørsta på Sunnmøre. Museet er eit eldre gardstun som vart kjøpt til museumsføremål i 1958. Tunet ligg ikkje langt frå Høgebrua på Fv 655, om lag 5 km frå sentrum i Ørsta.

Historia til tunet Brudavollen har truleg vore busett sidan 1500-talet. På 1600-talet vart tunet teke av skred (vassfonn) og husa flytt til ny stad på eigedomen. Garden har etter det ein kjenner til vore einbølt. I si tid var han det gardsbruket i Ørsta med størst jordvidde. Slik tunet står i dag syner det ein vanleg heim i fiskarbondesamfunnet på 1800-talet. Etter at Ørsta bygdemuseumslag vart stifta i 1951, kjøpte dette Brudavolltunet i 1958. Det var husa i det gamle tunet og nokre mål jord. Resten av bruket vart overteke av ny eigarar. Brudavollen er gardsnummer 21 i Ørsta kommune.

Brudavollen som museum Husa i Brudavolltunet er: Stove med loft. Kårstove med eldhus. Grindløe med fjøsar. Løa er freda. Bud. Truskarhjulhus med overvasshjul og mura vassrenne. Smie. Ho vart flytt til Brudavolltunet frå Digernes i Ørsta.

Sentralt i tunet ligg ei stor steinhelle som har vorte brukt som hagebord og arbeidsplass. Hagen i tunet vart truleg tillaga på 1830-talet.

Ørsta bygdemuseumslag var eigar og drivar av Brudavollen til i 2004. Etter det har Stiftinga Brudavolltunet vore eigar. Brudavolltunet er ei avdeling av Stiftinga Viti.

Bilete frå Brudavolltunet

Kjelder brudavolltunet.no Ivar Myklebust: Ørsta. Ekset, 1933. Fotografisk opptrykk ved Ørsta Mållag 1988 Ragnar Standal: Ørsta bygdetun. Husa på Brudavollen. Volda, 1983

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kultur i Ørsta Kategori:Museum i Møre og Romsdal Kategori:Stiftinga Viti Kategori:Matrikkelgardar i Ørsta Kategori:Kulturminne i Ørsta Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal