Tudehpartiet (farsi حزب توده ایران (Hezb-e Tudeh Iran), 'Det iranske folkepartiet') er eit iransk politisk parti. Det vart skipa i 1941, med Soleiman Mohsen Eskandari som leiar.
Det hadde mykje innverknad i dei første åra etter det vart skipa, og i kampen for å nasjonalisere Anglo-Iranian Oil Company.
Innverknaden vart mindre etter det USA-støtta statskuppet i 1953 mot den venstreorienterte statsministeren Mohammad Mossadegh. Partiet finst framleis, men i åra etter den islamistiske revolusjonen i Iran vart det svekt av sterk forfølging. Den islamistiske regjeringa slo hardt ned på partiet i 1982, og avretta mange av medlemene i 1988, da eit stort tal med politiske fangar vart drepne i Iran.
Bakgrunnsstoff Tudeh Party of Iran Partisongen (video på YouTube)
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Tudeh Party of Iran» frå , den 21. juni 2009.
Kategori:Iranske politiske parti Kategori:Kommunistiske parti Kategori:Skipingar i 1941