mini|Partituret til ein dirigent

Eit partitur er eit notehefte som inneheld alle stemmane i eit musikkverk. Alle stemmane er stilte opp under kvarandre slik at taktstrekane følgjer ei rett loddrett linje. Ordet kan i prinsippet gjelda kva slags musikalsk sats som helst, berre han blir skriven på fleire enn eitt system, men vanlegvis blir omgrepet nytta om verk for fleire enn to-tre musikarar — strykekvartettar, symfoniorkester, kor og liknande. I eit orkester er det vanlegvis berre dirigenten som har partitur, musikarane har berre dei notane dei sjølv spelar for at dei skal sleppa å bla så mykje.

Partituroppsett til ulike orkester Barokkorkester Kva instrument som er med i eit barokkorkester varierer; oppsettet nedanfor er eit eksempel: 1-2 fløyter 1-3 oboar 1-2 fagottar 1-3 trompetar 1 pauke 1-2 kontrabassar 2-4 fyrstefiolinar 2-4 andrefiolinar 2 celloar 1 kontrabass 1-2 cembaloar

Klassisk orkester Eit wienerklassisk orkester (det vil seia slik som Haydn, Mozart og Beethoven skreiv for) pleier å ha følgjande stemmar i partituret. Stemmane er vanlegvis ordna i denne rekkjefølgja. 1-2 fløyter 2 oboar 2 klarinettar 2 fagottar 2 valthorn 2 trompetar 1 trombone 1 tuba (noko sjeldan) Strykeseksjonen: 6 fyrstefiolinar 6 andrefiolinar 4 bratsjar 3 celloar 3 kontrabassar

Romantisk orkester/Stort moderne orkester Stor orkester for Der Ring des Nibelungen Partituret til Richard Wagners Der Ring des Nibelungen eksemplifiserer eit større orkester. Partituret gir notasjon for: 4 fløyter 3 oboar 1 engelsk horn 3 klarinettar 1 bassklarinett 3 fagottar 2 paukar 3 trompetar 1 basstrompet 3 trombonar 1 basstrombone 8 valthorn 5 wagnertubaer 8 harper Strykeseksjon med: 16 fyrstefiolinar 16 andrefiolinar 12 bratsjar 12 celloar 8 kontrabassar pluss kor og vokalistar.

Til saman er det då noter for 110 medverkande i orkesteret.

Normalstort orkester Der Ring des Nibelungen-orkesteret er eit større orkesteret enn vanleg. Eit partitur for ein vanleg besetning gir noter for: 3 fløyter 1 pikkolofløyte (der ein fløytist alternerer mellom fløyte og pikkolofløyte) 3 oboar 1 engelsk horn (der ein oboist alternerer mellom obo og engelsk horn) 3 klarinettar 1 bassklarinett (der ein klarinettist alternerer mellom klarinett og bassklarinett) 2 fagottar 1 kontrafagott 4 valthorn 3 trompetar 3 trombonar 1 tuba 1 pauke 3 slagverkarar 1 harpe strykeseksjon med: 16 fyrstefiolinar 14 andrefiolinar 12 bratsjar 10 celloar 8 kontrabassar

Kjelde Denne artikkelen bygger på «Partitur» frå , den 24. juni 2009.

Kategori:Notasjon