«The Seeker» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av det engelske rockebandet The Who. Songen vart gjeven ut som singel i 1970 og i 1971 på samlealbumet Meaty Beaty Big and Bouncy.

Townshend at han ikkje likt songen i etter tid og det var den første songen dei spelte inn etter å ha gjort ferdig albumet Tommy. Songen vart derfor lite spelt på konsertar av bandet, berre nokre få gonger i 1970, men han vart trekt fram under konsertane i 2006-2007. Singelen gjorde det likevel nokså bra og nådde 19. plass på lista i Storbritannia og 44. plass i USA.

Salslister Liste (1970)PlasseringCanadian RPM Top Singles21UK Singles Chart19U.S. Billboard Hot 10044

Andre utgåver Det canadiske rockebandet Rush spelte songen på albumet Feedback i 2004. Den skotske songaren Fish spelte songen på albumet Songs from the Mirror i 1993. Supergruppa The Raconteurs spelte songen med Pete Townshend på korvokal på albumet Attic Jams.

Bruk i film og videospel Songen vert nytta i videospelet Guitar Hero III: Legends of Rock og Grand Theft Auto IV, samt filmane American Beauty og The Limey.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Seeker (song)» frå , den 29. juni 2009.

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:The Who-songar Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Decca Records-singlar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kit Lambert Kategori:Songar produserte av Pete Townshend Kategori:Rush-songar