mini|Trestudie, 1850 mini|Foss i nedre Telemark, 1852 mini|Døyande urskog, 1852 Herman August Cappelen () var ein norsk nasjonalromantisk målar tett knytt til Düsseldorfskulen. August Cappelen vert rekna som ein bråmogen og evnerik kunstnar, som i løpet av dei siste to åra av det korte livet sitt nådde fram til ein eigen, personleg stil.
Han var son til verkseigar Diderik von Cappelen og Edel Løvenskiold. Familien flytta i 1835 til storgarden Holden på Ulefoss ved Norsjø, og August voks opp her. Han tok artium i Skien 1845, og studerte i Oslo den etterfølgjande vinteren. Her møtte han Hans Gude, og dei to vart vener. Sommaren 1846 drog Cappelen, Gude og Johan Fredrik Eckersberg på studiereise til Gudbrandsdalen, Mysuseter, Vågå og Bøverdalen.
Hausten 1846 reiste Cappelen til Düsseldorf, der han studerte. Her budde han det meste av tida fram til 1850. Han var visst ikkje innskriven som elev ved kunstakademiet, men i ettertid vart han like fullt nemnt, av akademileiaren Schadow, som elev. Cappelen døydde av ein svulst i magen. Han vart gravlagd i Düsseldorf, men leivningane er seinare ført heim til Noreg.
Kjende verk 1850 - Kvernhus. Bildet vakte debatt i Christiania Kunstforening 1851 - Utsikt over Norsjø 1852 - Skogtjern 1852 - Svarttjern 1852 - Foss i nedre Telemark. «Hans mest helstøpte verk», ifølgje Norsk kunstnerleksikon. 1852 - Døyande urskog. Uferdig ved kunstnerens død. «Er blitt oppfattet som et slags kunstnerisk testamente og symbol på hans skjebne», ifølgje Norsk kunstnerleksikon.
Kjelder
Norsk kunstnerleksikon. Bind 2. 1982. (hovudkjelde for artikkelen)
Litteratur Holger Kofoed. «August Cappelen». I: Norsk biografisk leksikon. Bind 2. 2000 Magne Malmanger. August Cappelen. Messel forlag, 1997 (utstillingskatalog, Astrup Fearnley museet) Ingeborg Vibe. August Cappelen: skoglandskap, tegninger og oljestudier fra våre samlinger. Nasjonalgalleriet, 1997. (Utstillingskatalog) Norsk kunstnerleksikon. Bind 2. 1982. August Cappelens brev. Utgitt med et biografisk omriss av Einar Østvedt. 1952 Sigurd Willoch. August Cappelen og den romantiske landskapskunst. 1928 Rolf Thommessen. August Cappelen og hans samtid, et afsnit af den norske smags historie. 1906.
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Skien Kategori:Folk frå Nome