Ole Karl Olsson Frøysøye (eller Frøsøie) () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sunnylven på Sunnmøre.
Frøysøye var i nokre år skulehaldar i heimbygda Sunnylven. Han overtok farsgarden, den einbølte garden Frøysøye i 1814. Til Stortinget 1821 vart han vald til 3. representant for Romsdals amt, eit verv han også hadde på omframtstortinget året etter. Han var i 1821 medlem av fire komitear, der i mellom komiteen som førebudde formannskapslovene.
Ein bautastein til minne om mannen er reist på Frøysøye.
Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stranda