«Love, Reign o'er Me» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Han er skriven av gitaristen Pete Townshend og vart 23. oktober 1973 gjeven ut som den andre singelen frå albumet og rockeoperaen Quadrophenia (1973). Han er den siste songen på albumet og har vore eit fast innslag på konsertane deira i årevis. Songen nådde 76. plass på Billboard Hot 100 i USA og 54. plass på Cash Box.Quadrophenia . http://beta.thewho.net .

Opphav og innspeling «Love, Reign o'er Me» vart skriven av Pete Townshend. Denne songen og «Is It in My Head?» går tilbake til 1972, og begge var opphavleg meint for eit forkasta sjølvbiografisk album kalla Rock Is Dead—Long Live Rock!, som etterkvart utvikla seg til Quadrophenia.

Tekst «Love, Reign o'er Me» omhandlar hovudrolla i Quadrophenia, Jimmy, som har personlege problem og stel ein båt for å dra ut til ei lita øy. Utan noko å leve for finn han andeleg ro i det kraftige regnet.

Utgjeving og mottaking «Love, Reign o'er Me» vart gjeven ut som singel, ei noko kortare utgåve enn albumutgåva. B-sida til singelen var songen «Water». Songen nådde 76. plass på Billboard Hot 100. Utanom USA vart singelen berre gjeven ut i Belgia og Nederland.

Vokalen til Roger Daltrey på songen er trekt fram som særleg god. Mark Deming frå Allmusic skriv at Daltrey var på sitt aller beste på Quadrophenia og at «Love, Reign o'er Me» er eit av augneblikka der han verkeleg gjev alt han er god for.Deming, Mark. "Love, Reign o'er Me: Song Review". Allmusic.

Songen var òg ein del av filmutgåva av Quadrophenia, samt filmmusikkalbumet som følgde. Denne utgåva av songen hadde med ekstra strykarar og er nokre sekund kortare enn på originalen. Songen var inspirasjon for tittelen på filmen Reign Over Me frå 2007 og vart mykje nytta i filmen.

Konsertar «Love, Reign o'er Me» vart første gong spelt av The Who på Quadrophenia-turneen deira i 1973 og 1974, men vart etter kvart teken bort. Songen var ein av fire som vart framført av The Who på Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985. Då The Who framførte heile Quadrophenia i 1996 var Pink Floyd-gitarist David Gilmour med på songen. Songen er òg spelt på seinare turnear.

Pearl Jam-utgåva

Det amerikanske rockebandet Pearl Jam gav ut ei utgåve av «Love, Reign o'er Me» for filmen Reign Over Me frå 2007,Cohen, Jonathan. "Billboard Bits: Pearl Jam, Mariah Carey, Trick Pony". Billboard. December 12, 2006. som tok tittelen frå same song. Dette kom til etter at skodespelar Adam Sandler spurte vokalisten Eddie Vedder etter ein Pearl Jam-konsert i Los Angeles i 2006 om dei ville spele inn songen for filmen.Cohen, Jonathan. "With No album On Horizon, Pearl Jam Touring For Fun". Billboard. April 5, 2007. Vedder var først tilvande, og ville ha godkjenning frå Daltrey først, noko han fekk.Whipp, Glenn. "Daltrey says ‘OK’ to Vedder’s cover: "Reign O’er Me" closes Sandler’s film". Los Angeles Daily News. 25. mars 2007.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love, Reign O'er Me» frå , den 4. juli 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar produserte av Pete Townshend Kategori:Singlar frå 2007 Kategori:Pearl Jam-songar