Gaukefamilien (Cuculidae) er ein familie av mellomstore slanke fuglar i ordenen gaukefuglar, Cuculiformes. Dei fleste gaukar lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Familien har ein kosmopolitisk distribusjon, storparten av artane finn ein i tropiske område. Artane i tempererte område er trekkfuglar. Dietten til fuglar i gaukefamilien er insekt, insektlarver og ei rekkje andre dyr, i tillegg til frukt. Mange artar er reirparasittar, dei legg egga sine i reira hjå andre artar, men dei fleste artane i familien utfører sjølv ruging og tar omsorg for eige avkom. Totalt finst det ca. 140 artar.

mini|venstre| Kastanjemalkoha er typisk for slekta Phaenicophaeus med ei kraftig farga hud kring auga. mini|høgre|Zygodaktyl ordning av tærne hos gaukar mini|høgre|Gaukar som denne trastgauken, sit ofte og tørkar og varmar seg i sola. Gaukar er mellomstore fuglar som varierer i storleik frå pygmégauk, 17 gram og 15 cm, til fikengauk, 630 g og 63 cm. Det er generelt lite kjønnsdimorfisme i storleik, men i somme unntak kan enten hofuglen vere størst eller i andre døme er hannfuglen størst. Eit vektig særtrekk for artane i denne familien er zygodaktyle føter, som inneber at dei to indre tærne peikar fram og dei to ytre peikar bakover.

Det er to grunnleggande ulike kroppsformer blant gaukar, arboreale artar, som arten gauk i Europa, ei slank form med kort tarse. Den andre forma finn vi hos terrestriske artar som storløpegauk og dvergløpegauk med kraftigare kropp og lengre tarse. Nesten alle artar har lange halar til styring hos terrestriske artar og som et flygeror hos arboreale artar. Vengforma varierer også med levesettet, trekkfuglartar slik som svartnebbgauk har lange smale venger vel eigna til krevjande flyging, og meir terrestriske standfuglar som sporegaukar (Centropus) og malkohaer (Phaenicophaeus) har kortare, avrunda venger og meir anstrengt glideflukt.

Hovudgrupperingar av gaukar: Cuculinae er reirparasittiske gaukar i «den gamle verda». Kroppsforma er den klassiske arboreale, vanlegvis med lange halar og korte bein. Fikengauken har eit svært nebb som minner om dei ein finn hos hornfuglar. Phaenicophaeinae lever òg i «den gamle verda», men er ikkje reirparasittar. Gruppa inkluderer koaer (Coua), malakoaer (Phaenicophaeus), og bakkenære gaukar. Dette er meir terrestriske gaukar, med sterke og ofte lange bein og korte avrunda venger. Underfamilien har også vanlegvis har lysare fjørdrakt og hud rundt augo i ei klår farge. Centropodinae, sporegaukar er kraftige fuglar, den største menbekisporegauk har omtrent same storleik som fikengauk. Coccyzinae er arboreale med lange halar, ei rekkje fuglar i slekta Coccyzus har distribusjon på øyar. Neomorphinae er typiske jordgaukar. Til dømes løpegaukane kan komme opp i over 30 km/t når dei jagar byttedyr på bakken. Crotophaginae, er klumpete aniar og den større guiragauk. Karakteristikkar for aniar er kraftig nebb og mørk, nesten einsfarga, glansfull fjørdrakt. Eit døme er storani.

Fjørene hos gaukar er generelt mjuke, dei blir ofte gjennomblaute i hardt regn. Etter slikt regn kan aniar halde vengene opne som skarvar for å tørke dei i sola. Det er store variasjonar i fjørdrakt blant gaukane. Nokre artar, spesielt reirparasittane har kamuflerande fjørdrakt, medan andre har lyse og spesielle drakter. Dette gjeld særleg for slekta Chrysococcyx, som har iriserande fjørdrakter. Somme gaukar har likskap med haukane med tverrstriper på undersida, det kan tilsynelatande skremme potensielle reirvertar som gjer at hofuglen får tilgang til reiret åt ein vert. Ungar hos nokre reirparasittar er farga slik at dei liknar ungane til verten. For eksempel, har grønnebbkoel i India svart avkom å for å etterlikne avkommet til kråkevertane, medan grånebbkoel får brune ungar til likskap med vertane, honningetarane. Kjønna har generelt lik fjørdrakt, avvik kan finnast hos reirparasittartar.

Artsliste Gaukar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Guira Guiragauk, Guira guira, Guira Cuckoo, Gmelin, 1788, (LC)

Slekt Crotophaga Storani, Crotophaga major, Greater Ani, Gmelin, 1788, (LC) Glattnebbani, Crotophaga ani, Smooth-billed Ani, Linné, 1758, (LC) Furenebbani, Crotophaga sulcirostris, Groove-billed Ani, Swainson, 1827, (LC)

Slekt Tapera Stripegauk, Tapera naevia, Striped Cuckoo, Linné, 1766, (LC)

Slekt Dromococcyx Fasangauk, Dromococcyx phasianellus, Pheasant Cuckoo, von Spix, 1824, (LC) Argusgauk, Dromococcyx pavoninus, Pavonine Cuckoo, Pelzeln, 1870, (LC)

Slekt Morococcyx Trastgauk, Morococcyx erythropygus, Lesser Ground-Cuckoo, Lesson, 1842, (LC)

Slekt Geococcyx Dvergløpegauk, Geococcyx velox, Lesser Roadrunner, Wagner, 1836, (LC) Storløpegauk, Geococcyx californianus, Greater Roadrunner, Lesson, 1829, (LC)

Slekt Neomorphus Rustbukjordgauk, Neomorphus geoffroyi, Rufous-vented Ground-Cuckoo, Temminck, 1820, (VU) Tapajózjordgauk, Neomorphus squamiger, Scaled Ground-CuckooTodd, 1925 Bandjordgauk, Neomorphus radiolosus, Banded Ground-Cuckoo, Sclater, PL & Salvin, 1878, (EN) Guyanajordgauk, Neomorphus rufipennis, Rufous-winged Ground-Cuckoo, Gray, 1849, (LC) Raudnebbjordgauk, Neomorphus pucheranii, Red-billed Ground-Cuckoo, Deville, 1851, (LC)

Slekt Carpococcyx Sumatragauk, Carpococcyx viridis, Sumatran Ground-Cuckoo, Salvadori, 1879, (CR) Borneogauk, Carpococcyx radiceus, Bornean Ground-Cuckoo, Temminck, 1832, (NT) Korallnebbgauk, Carpococcyx renauldi, Coral-billed Ground-Cuckoo, Oustalet, 1896, (LC)

Slekt Coua Toppkoa, Coua cristata, Crested Coua, Linné, 1766, (LC) Småkoa, Coua verreauxi, Verreaux's Coua, Grandidier, 1867, (LC) Blåkoa, Coua caerulea, Blue Coua, Linné, 1766, (LC) Raudkronekoa, Coua ruficeps, Red-capped Coua, Gray, 1846, (LC) Raudpannekoa, Coua reynaudii, Red-fronted Coua, Pucheran, 1845, (LC) Sakalavakoa, Coua coquereli, Coquerel's Coua, Grandidier, 1867, (LC) Løpekoa, Coua cursor, Running Coua, Grandidier, 1867, (LC) Kjempekoa, Coua gigas, Giant Coua, Boddaert, 1783, (LC) Raudbrystkoa, Coua serriana, Red-breasted Coua, Pucheran, 1845, (LC)

Slekt Centropus Bleikhovudsporegauk, Centropus milo, Buff-headed Coucal, Gould, 1856, (LC) Trommesporegauk, Centropus ateralbus, Pied Coucal, Lesson, 1826, (LC) Biaksporegauk, Centropus chalybeus, Biak Coucal, Salvadori, 1876, (NT) Menbekisporegauk, Centropus menbeki, Greater Black Coucal, Lesson, R & Garnot, 1828, (LC) Bambussporegauk, Centropus unirufus, Rufous Coucal, Cabanis & Heine, 1863, (NT) Grønnebbsporegauk, Centropus chlororhynchos, Green-billed Coucal, Blyth, 1849, (VU) Maskesporegauk, Centropus melanops, Black-faced Coucal, Lesson, 1830, (LC) Malaysporegauk, Centropus rectunguis, Short-toed Coucal, Strickland, 1847, (VU) Mindorosporegauk, Centropus steerii, Black-hooded Coucal, Bourns & Worcester, 1894, (CR) Brunsporegauk, Centropus celebensis, Bay Coucal, Quoy & Gaimard, 1832, (LC) Okersporegauk, Centropus anselli, Gabon Coucal, Sharpe, 1874, (LC) Kvitbuksporegauk, Centropus leucogaster, Black-throated Coucal, Leach, 1814, (LC) Senegalsporegauk, Centropus senegalensis, Senegal Coucal, Linné, 1766, (LC) Blåhovudsporegauk, Centropus monachus, Blue-headed Coucal, Rüppell, 1837, (LC) Koparhalesporegauk, Centropus cupreicaudus, Coppery-tailed Coucal, Reichenow, 1896, (LC) Kvitbrynsporegauk, Centropus superciliosus, White-browed Coucal, Hemprich & Ehrenberg, 1829, (LC) Javasporegauk, Centropus nigrorufus, Sunda Coucal, Cuvier, 1816, (VU) Andamansporegauk, Centropus andamanensis, Andaman Coucal, Beavan, 1867, (LC) Orientsporegauk, Centropus sinensis, Greater Coucal, Stephens, 1815, (LC) Goliatsporegauk, Centropus goliath, Goliath Coucal, Bonaparte, 1850, (LC) Tolosporegauk, Centropus toulou, Madagascar Coucal, Müller, 1776, (LC) Svartsporegauk, Centropus grillii, Black Coucal, Hartlaub, 1861, (LC) Filippinarsporegauk, Centropus viridis, Philippine Coucal, Scopoli, 1786, (LC) Bengalsporegauk, Centropus bengalensis, Lesser Coucal, Gmelin, 1788, (LC) Fiolettsporegauk, Centropus violaceus, Violaceous Coucal, Quoy & Gaimard, 1832, (NT) Iriansporegauk, Centropus bernsteini, Lesser Black Coucal, Schlegel, 1866, (LC) Fasansporegauk, Centropus phasianinus, Pheasant Coucal, Latham, 1801, (LC)

Slekt Rhinortha Brunmalkoha, Rhinortha chlorophaea, Raffles's Malkoha, Raffles, 1822, (LC)

Slekt Ceuthmochares Blåmalmgauk, Ceuthmochares aereus, Blue Malkoha, Vieillot, 1817, (LC) Grønmalmgauk, Ceuthmochares australis, Green Malkoha, Sharpe, 1873, (LC)

Slekt Taccocua Sirkirmalkoha, Taccocua leschenaultii, Sirkeer Malkoha, Lesson, 1830, (LC)

Slekt Zanclostomus Raudnebbmalkoha, Zanclostomus javanicus, Red-billed Malkoha, Horsfield, 1821, (LC)

Slekt Phaenicophaeus Kastanjemalkoha, Phaenicophaeus curvirostris, Chestnut-breasted Malkoha, Shaw, 1810, (LC) Brunbukmalkoha, Phaenicophaeus sumatranus, Chestnut-bellied Malkoha, Raffles, 1822, (NT) Raudmaskemalkoha, Phaenicophaeus pyrrhocephalus, Red-faced Malkoha, Pennant, 1769, (VU) Blåbrillemalkoha, Phaenicophaeus viridirostris, Blue-faced Malkoha, Jerdon, 1840, (LC) Svartbukmalkoha, Phaenicophaeus diardi, Black-bellied Malkoha, Lesson, 1830, (NT) Langhalemalkoha, Phaenicophaeus tristis, Green-billed Malkoha, Lesson, 1830, (LC)

Slekt Rhamphococcyx Praktnebbmalkoha, Rhamphococcyx calyorhynchus, Yellow-billed Malkoha, Temminck, 1825, (LC)

Slekt Dasylophus Parykkmalkoha, Dasylophus superciliosus, Red-crested Malkoha, Dumont, 1823, (LC) Sølvhovudmalkoha, Dasylophus cumingi, Scale-feathered Malkoha, Fraser, 1839, (LC)

Slekt Clamator Brunvenggauk, Clamator coromandus, Chestnut-winged Cuckoo, Linné, 1766, (LC) Skjorgauk, Clamator glandarius, Great Spotted Cuckoo, Linné, 1758, (LC) Savannegauk, Clamator levaillantii, Levaillant's Cuckoo, Swainson, 1829, (LC) Jakobinergauk, Clamator jacobinus, Pied Cuckoo, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Coccycua Alvegauk, Coccycua minuta, Little Cuckoo, Vieillot, 1817, (LC) Dverggauk, Coccycua pumila, Dwarf Cuckoo, Strickland, 1852, (LC) Oskegauk, Coccycua cinerea, Ash-colored Cuckoo, Vieillot, 1817, (LC)

Slekt Piaya Ekorngauk, Piaya cayana, Squirrel Cuckoo, Linné, 1766, (LC) Svartbukgauk, Piaya melanogaster, Black-bellied Cuckoo, Vieillot, 1817, (LC)

Slekt Coccyzus Tupigauk, Coccyzus melacoryphus, Dark-billed Cuckoo, Vieillot, 1817, (LC) Gulnebbgauk, Coccyzus americanus, Yellow-billed Cuckoo, Linné, 1758, (LC) Perlebrystgauk, Coccyzus euleri, Pearly-breasted Cuckoo, Cabanis, 1873, (LC) Mangrovegauk, Coccyzus minor, Mangrove Cuckoo, Gmelin, 1788, (LC) Cocogauk, Coccyzus ferrugineus, Cocos Cuckoo, Gould, 1843, (VU) Svartnebbgauk, Coccyzus erythropthalmus, Black-billed Cuckoo, Wilson, 1811, (LC) Gråhettegauk, Coccyzus lansbergi, Gray-capped Cuckoo, Bonaparte, 1850, (LC) Brunbukgauk, Coccyzus pluvialis, Chestnut-bellied Cuckoo, Gmelin, 1788, (LC) Brunbrystgauk, Coccyzus rufigularis, Bay-breasted Cuckoo, Hartlaub, 1852, (EN) Jamaicaøglegauk, Coccyzus vetula, Jamaican Lizard-Cuckoo, Linné, 1758, (LC) Puertoricoøglegauk, Coccyzus vieilloti, Puerto Rican Lizard-Cuckoo, Bonaparte, 1850, (LC) Kubaøglegauk, Coccyzus merlini, Great Lizard-Cuckoo, d'Orbigny, 1839, (LC) Hispaniolaøglegauk, Coccyzus longirostris, Hispaniolan Lizard-Cuckoo, Hermann, 1783, (LC)

Slekt Pachycoccyx Kvitbrystgauk, Pachycoccyx audeberti, Thick-billed Cuckoo, Schlegel, 1879, (LC)

Slekt Microdynamis Svarthettegauk, Microdynamis parva, Dwarf Koel, Salvadori, 1876, (LC)

Slekt Eudynamys Grønnebbkoel, Eudynamys scolopaceus, Asian Koel, Linné, 1758, (LC) Svartnebbkoel, Eudynamys melanorhynchus, Black-billed KoelMüller, S, 1843 Grånebbkoel, Eudynamys orientalis, Pacific Koel, Linné, 1766, (LC)

Slekt Urodynamis Langhalekoel, Urodynamis taitensis, Long-tailed Koel, Sparrman, 1787, (LC)

Slekt Scythrops Fikengauk, Scythrops novaehollandiae, Channel-billed Cuckoo, Latham, 1790, (LC)

Slekt Chrysococcyx