The Beach Boys er eit amerikansk rockeband. Det vart starta i 1961 og vart kjende for dei tette vokalharmoniane og tekstar om ungdomskulturen med bilar og surfing i Sør-California. Dei kreative ambisjonane til Brian Wilson omforma seinare bandet til ei meir kunstnarisk innovativ gruppe som vart hylla av musikkritikarane og som påverka mange musikarar i ettertid.allmusic - The Beach Boys - Overview. John Bush. Allmusic.com.

Gruppa bestod i starten av musikaren, songaren og låtskrivaren Brian Wilson, brørne hans, Carl og Dennis, syskenbarnet Mike Love og venen Al Jardine. Denne kvintetten, i lag med David Marks og seinare Bruce Johnston, vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988. The Beach Boys har ofte vorte kalla «America's Band»"Still America's Band: The Beach Boys Today" Kevin M. Cherry. National Review. 8. juli 2002. Henta 13. juli 2009.The Beach Boys: It must be summer, the Beach Boys are in town! toronto.com. Henta 13. juli 2009."Beach Boys: Sunny pop veterans are still shining". Martin Lennon. Scotsman.com. 16. mai 2008. Henta 13. juli 2009. og Allmusic.com har uttalt at «den usvikelege dugleiken til bandet gjorde dei til det første og beste rockebandet i USA». Gruppa har hatt 36 hittar på Topp 40 i USA (flest av alle amerikanske rockeband) og 56 inne på Hot 100-lista, inkludert fire førsteplassar. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte The Beach Boys på 12. plass på lista deira over dei 100 største gruppene gjennom tidene. I følgje Billboard er The Beach Boys det bestseljande amerikanske bandet nokon gong ut frå sal av singlar og album.

Bandet har fleire gonger endra musikalsk stil og besetning, først og fremst på grunn av sinnslidinga og narkotikabruken til Brian Wilson, som gjorde at han trekte seg frå gruppa, samt dødsfalla til Dennis Wilson i 1983 og Carl Wilson i 1998. Det har òg vore mange rettstridar mellom medlemmene i gruppa. Etter at Carl Wilson døydde vart Al Jardine drive bort av Mike Love. Dei overlevande medlemmene i The Beach Boys heldt fram å turnere som tre band: The Beach Boys med Love, Johnston og forskjellige støttemusikarar, Al Jardine's Endless Summer Band og Brian Wilson med eit band som består av The Wondermints og gitaristen og songaren Jeff Foskett, som lenge spelte med The Beach Boys. Love vann retten til namnet «The Beach Boys» etter ein omgang i retten.

Historie Dei første åra Brian Wilson vart fødd i Inglewood i California i 1942 og han og familien hans flytta til Hawthorne i nærleiken då Brian var to år. Seksten år gammal delte Brian soverom med dei to brørne sine, Dennis og Carl. Han observerte faren Murry Wilson spele piano og høyrte nøye på harmoniane til vokalgrupper som The Four Freshmen. Ein kveld lærte han brørne sine songen «Ivory Tower» og korleis dei kunne synge harmoniar. Wilson fortalte ein gong korleis dei øvde kvar kveld, men at dei song lågmælt for ikkje å vekke faren.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 34 På 16-årsdagen sin fekk Brian ein spolebandopptakar. Han lærte seg å legge på lydspor på lydspor. Han lærte seg piano og seinare fekk Carl som spelte gitar vere med.Wilson, Brian (med Todd Gold), 1996. Wouldn't It Be Nice: My Own Story, Bloomsbury Paperbacks, s. 35

Litt seinare høyrte Brian mykje på Johnny Otis og radiosendinga hans på KFOX. Han var inspirert av den enkle strukturen og vokalen i rhythm and blues-songane han høyrte, endra pianostilen sin og starta å skriv eigne songar. Entusiasmen hans forstyrra musikkstudiane hans på skulen og han klarte ikkje å gjere ferdig ein pianosonate, men leverte inn ein orginal komposisjon, «Surfin'».Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 37-39

Familiesamlingar førte Wilson-brørne i kontakt med syskenbarnet Mike Love. Brian lærte syster til Love, Maureen, og ein ven harmoniar. Seinare spelte Brian, Mike og to vener på Hawthorne High School og fekk stor applaus for songen «Hully Gully» av The Olympics.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 41 Brian kjende òg Al Jardine, ein klassekamerat som alt spelte i gitar i folkegruppa The Islanders.

Brian spurte Jardine om han ville slå seg saman med syskenbarnet og broren Carl. Det var under samlinga desse hadde på soverommet til Brian at «the Beach Boys-stilen» tok form. Det var Love som oppfordra Brian til å skrive songar og gav bandet det første namnet deira, The Pendletones. Dette namnet kom frå Pendleton ullskjorter som var populære på denne tida. Under dei første konsertane deira hadde bandet på seg jakkeliknande ullskjorter, som surfarane brukte mykje i South Bay. I 1962 starta the Beach Boys å gå med blå- og gråstripete skjorter stappa ned i kvite bukser. Dette var konsertkleda deira fram til ut 1966.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 44.

Sjølv om surfetemaet var viktig i dei tidlege songane deira, var Dennis den einaste i bandet som faktisk surfa. Han foreslo at brørne hans skulle lage nokre songar for å hylle hobbyen hans og livsstilen som hadde utvikla seg rundt surfemiljøet i Sør-CaliforniaWilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 46

Jardin og songvenen Gary Winfrey kom heim til Brian for å sjå om han kunne hjelpe dei med ei utgåve av ein folkesong dei ønskte å spele inn - «Sloop John B». Brian var borte, så dei to snakka i staden med faren hans, Murry, som hadde ein fot inne i musikkindustrien. I september 1961 fekk Murry ordna det slik at The Pendelstone fekk møte utgjevarane Hite og Dorinda Morgan i Stereo Masters i Hollywood.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 45 Gruppa spelte inn ei endefram utgåve av «Sloop John B.», men klarte ikkje imponere Morgan. Etter ein pinleg pause nemnte Dennis at dei hadde ein original song kalla «Surfin'». Brian vart sett ut — han hadde ikkje skrive ferdig songen ein gong — men Hite Morgan var interessert og bad dei kome attende når songen var ferdig. Med hjelp frå Mike Love, skreiv Brian songen ferdig og bandet lånte gitarar, trommer, forsterkarar og mikrofonar. Dei øvde i tre dagar medan foreldra til Wilson var på ein kort ferie. Eit par dagar spelte dei for Morgan igjen og Hite Morgan erklærte: «That's a smash!»Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 48

Den 3. oktober 1961 spelte The Pendletones inn tolv forsøk på «Surfin'» i dei tronge kontora til Morgans. Det vart trykt singlar i eit lite opplag. Då gutane opna den første boksen med singlar vart dei overraska og sinte. Bandnamnet hadde vorte endra til «Beach Boys». Murry Wilson, som no jobba tett med bandet, ringte Morgans. Tilsynelatande hadde ein ung reklamemann, Russ Regan, vald å endre namnet for å knyte bandet til andre surfeband som dukka opp på denne tida. Det avgrensa budsjettet deira gjorde at dei ikkje kunne trykke platene på nytt.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 51

Singelen kom ut i midten av november 1961 og «Surfin'» vart kort tid etter spelt på KFWB og KDAY, to av dei viktigaste radiostasjonane i Los Angeles. Songen vart ein hit på vestkysten og nådde 75. plass på den nasjonale poplista.

Påverknaden til Murry Wilson Brian Wilson har fortalt at han alt som åtteåring vart forma og påverka av musikk, og at ingen påverka han meir enn musikken faren spelte på familiepianoet.Wilson, Brian (med Todd Gold), 1996. Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 30 Murry hadde noko suksess som låtskrivar og fekk størst suksess med «Two Step Side Step» som vart spelt inn av Bachelors i 1952. Trass i at han var ein god musikar og hadde ønske om å lære sønene, særleg Brian, musikk, var han i følgje Wilson ein «tyrann» som gav mykje nedslåande kritikk og som misbrukte sønene sine psykologisk og fysisk.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 30 Carl trøysta seg sjølv med mat, medan Dennis gjorde opprør mot verda for å uttrykke sinnet sitt.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 26 Brian sjølv fordjupa seg i musikken for å takle det, men sjølv om han ønskte å lære og spele piano, var han redd for å spørre faren. Til slutt overraska Brian foreldra ved å vise at han hadde lært å spele piano berre ved å sjå faren spele. Brian meinte dette redda han mange gonger frå å få bank.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 32

I starten styrte Murry karrieren til the Beach Boys og fekk dei inn i ein platekontrakt med Capitol Records i 1962. I 1964 jaga Brian faren bort etter ein valdeleg konfrontasjon i studio. Dei neste åra vart forholdet mellom dei fjernare og då Murry døydde av hjarteattak i 1973 var verken Brian eller Dennis i gravferda.

Tidleg karriere

Murry Wilson fortalte gutane at han ikkje likte «Surfin'», men han lukta at det her var pengar å tene og ringte rundt til mange radiostasjonar.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 52 Han arrangerte den første konserten bandet fekk betalt for, nyårsaftan 1961 ved Ritchie Valens Memorial Dance i Long Beach, der Ike og Tina Turner stod øvst på plakaten. Brian hugsar at han lurte på kva dei gjorde der som fem reine, kvite ungdommar frå ein konservativ kvit forstad føre eit auditorium fullt av svart ungdom. Bandet reiste heim med $50 kvar. I februar 1962 forlet Al Jardine bandet for å studere.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 53 David Marks, ein tretten år gammal nabo og ven av Carl, erstatta han, men Jardine kom tilbake i bandet i juli 1963 etter ønske frå Brian.The Beach Boys

Sjølv om Murry tok over managerrolla i bandet utan å spørre bandet først, var Brian glad for at faren fekk dei avgarde. Han pressa bandet utan nåde, men jobba sjølv hardt. Han var den første som påpeikte at det var viktig å lage ein god oppfølgjarsingel.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 54 Dei spelte så inn fire nye songar den 13. juni i Western Studios i Los Angeles, mellom anna «Surfer Girl», «409» og «Surfin' Safari». Denne innspelinga enda dårleg då Murry Wilson foreslo og så kravde at bandet skulle spele inn nokre av songane hans, fordi han meinte at songane hans var betre enn Beach Boys sine.Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 55

Den 16. juli klarte the Beach Boys å få platekontrakt med Capitol Records med hjelp av demoen dei spelte inn i juni. I november var det første albumet klart, Surfin' Safari. Dei la seg på den kommersielle linja og fokuserte på å skrive songar om den unge livsstilen i California. Dei tidlege hittane til The Beach Boys var medverkande til å auke statusen til både California og surfing. Bandet song òg om gleda med å køyre hot-rod («Shut Down», «409», «Little Deuce Coupe») og det bekymringslause tenåringslivet («Be True to Your School», «Fun, Fun, Fun», «I Get Around»). Frå 1962-65 hadde dei seksten hitsinglar i ein periode med sterk konkurranse på salslisteneThe Beach Boys, men òg ei tid då den britiske bølgja slo inn over landet for fullt. Sjølv om musikken deira var lystig og lett tilgjengeleg, synte dei tidlege songane sofistikerte element som skulle kome tydlegare fram i seinare år. I løpet av perioden utvikla Brian Wilson seg raskt som ein komponist, arrangør og produsent i verdstoppen. Dei tidlege hittane deira gjorde dei til store popstjerner i mange land, men statusen deira som det øvste popbandet i Amerika vart snart utfordra av The Beatles, som raskt vart deira største kreative og økonomiske rival.

Bortsett frå far til Wilson-brørne og dei tette vokalharmoniane til favorittgruppene til Brian, kom inspirasjonen deira dei første åra frå dei drivande rock and roll-songane til Chuck Berry og Wall of Sound-stilen til Phil Spector. Somme av songane til Brian var basert på andre songar, mest kjend av desse er «Surfer Girl» som deler rytmisk melodi med «When You Wish Upon a Star». I sjølvbiografien sin skriv Brian at melodien til «God Only Knows» var inspirert av ei innspeling av John Sebastian.