mini|USS Houston (SSN-713). USS Houston (SSN-713) er ein av USA sine undervassbåtar av Los Angeles-klassa og det fjerde skipet i marinen til USA som vart kalla opp etter byen Houston. Kontrakten for å byggje båten vart gjeve den 1. august 1975 og kjølen vart lagt ned den 29. januar 1979. USS Houston vart sjøsett den 21. mars 1981 og sett inn i teneste i september 1982.
Teneste Skipet har vore med i to filmar, blant anna Jakten på Rød Oktober (en: The Hunt for Red October), der Houston spelar systerskipet Dallas.
Den 1. august 2008 meldte CNN at det hadde leke ut radioaktivt materiale frå fartøyet i fleire månader medan skipet var i teneste Japan, Guam og Hawaii. Ein person hadde blitt utsett for stråling, men vart ikkje skada. USA-marinen vedgjekk etterkvart at lekkasjen kunne ha gått føre seg i opptil to år, men hevda at lekkasjen ikkje var verre enn frå røykvarslar.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for USS Houston Naval Vessel Register entry for USS Houston Ship casualty reports for USS Houston
Kategori:USA-amerikanske ubåtar Kategori:Skip frå 1981 Kategori:USA-amerikanske skip frå den kalde krigen