mini|venstre|Fiskarkapellet fotografert i 1928. Kapellet er sidan flytt til ein annan stad på Maihaugen og takryttaren, som ikkje var opphavleg, er fjerna. mini|venstre|Ei tidlegare altarplate frå Lillehammer stavkyrkje vert nytta som altarplate i Fiskarkapellet. Fiskarkapellet er eit lafta kyrkjebygg frå 1459 som står på Maihaugen i Lillehammer. Det vart opphavleg oppført på Øyra ved Gudbrandsdalslågen i Fåberg.

Etter reformasjonen vart det flytt til prestegarden i Fåberg og gjorde der nytten som stabbur til det vart kjøpt av Anders Sandvig og flytt til Maihaugen i 1896. Kapellet er det einaste bevarde norske trekyrkjebygget frå mellomalderen som ikkje er bygd i stavverk.

Byggjeåret og at kapellet var vigd til Maria møy og Heilag-Olav veit ein frå ei latinsk innskrift som er skoren i veggen på kapellet. Innskrifta fortel også at det var Hamar-bispen Gunnar som fekk kapellet reist.

Referansar

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi av kapellet på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Maihaugen Kategori:Kyrkjer i Lillehammer Kategori:Mellomalderkyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1400-talet Kategori:Kulturminne i Lillehammer