Yade er ein serie på tre ulike sjokoladeprodukt laga og distribuert av Nidar AS. Produktet vart selt for første gong i 2007.

Alle Yade-sjokoladane er laga av mjølkesjokolade på eit tynt underlag av mørk sjokolade. Dei har eit trekanta brytesnitt, noko som gjer at Yade skil seg ut frå andre norske sjokoladetypar.

Yade-serien Dette er alle typane Yade-sjokoladar som er i sal i dag. Dei skil seg frå kvarandre med ulike farger på emballasjen. Yade Kakaotrøffel (raud) Yade Kaffe Latte (lilla) Yade Trippelsjokolade (gul)

Ein variant er fasa ut av serien til no; Yade Karamelliserte Nøtter (grøn) som vart bytta ut med Yade Kaffe Latte.

Kjelder

www.nidar.no/yade Produktsida for Yade, arkivert ved archive.org «Den perfekte kaffe-sjokoladen». nidar.no «Yade - den totale nytelsen», nidar.no

Kategori:Norske sjokoladeprodukt Kategori:Nidar-produkt