mini|Didrik eller Diderich Hegermann.

Didrik er eit mannsnamn av tysk opphav. Det har namnedag den 7. august.

Didrik er danna som ei lågtysk form av gammalhøgtysk Theodorik, med ledd som tyder 'folk' og 'rik, mektig, høvding', som er i slekt med norsk Tjodrek. Andre former av namnet er Diderik, Diederik, Dederick og Dietrich. Dzidrzych og Dzietrzyk med kortformene Dyt(ek), Dytko, Dytel, Dytusz og Dzietko er nokre polske former. Derrick, Jerrick og Derek er engelske former. Dirk er ei utbreidd kortform.

Namneberarar Didrik Pining (ca. 1428-1491), norsk adelsmann, kaper og guvernør på Island Diderich Hegermann (1763-1835), norsk offiser og eidsvollmann Didrik Sigbjørnsen (1785-1881), norsk stortingsmann Didrik Bøgvad (1792-1856), norsk stortingsmann Didrik Ferdinand Didrichsen (1814-1887), dansk vitskapsmann Didrik Anders Gillis Bildt (1820–1894), svensk baron, offiser, politikar og statsminister Didrik Magnus Axel Möller (1830–1896), svensk astronom Didrik Cappelen (1836 - 1914), norsk høgrepolitikar Didrik Hegermann Grønvold (1855-1928), norsk skulemann, museumsstyrar og forfattar Didrik Arup Seip (1884–1963), norsk språkforskar Ole Didrik Lærum (f. 1940), norsk patologiprofessor Didrik Munch (f. 1956), norsk mediedirektør Didrik Solli-Tangen (f. 1987), norsk Eurovision-deltakar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teodoryk (imię)» frå , den 6. august 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Lågtyske førenamn Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav