mini|«Southern Actor» ved Museumsbryggja «Southern Actor» er ein kvalbåt som no fungerer som museumsfartøy i Sandefjord. Fartøyet vart bygd i 1950 for kvalfangstselskapet Chr. Salvesen i Leith i Skottland. Då gamle kvalfangarar i 1980-åra i Sandefjord fann ut at også ein gamal kvalbåt måtte takast vare på, viste det seg umogleg å finne ein av byens eigne kvalbåtar. Ingen av dei var i ein slik stand at dei eigna seg til restaurering. Då velde ein istaden «Southern Actor» ettersom selskapet Salvesen kan seiast å vere halvt norsk. Ein stor del av mannskapa på Salvesen sine ekspedisjonar var frå Vestfold.
«Southern Actor» vart ferdig restaurert i 1995, så autentisk som mogleg slik båten var opphavleg.
Båten høyrer i dag til Hvalfangstmuseet.
Bakgrunnsstoff Om «Southern Actor» (Jim Mclaren's nettside) Hvalfangstmuseet sin offisielle nettside
Kategori:Kvalbåtar Kategori:Norske museumsskip Kategori:Kultur i Sandefjord S Kategori:Skip frå 1950 Kategori:Olavsrosa Kategori:Museum i Vestfold