An eller Ann er eit kvinnenamn og ein namnedel. Ann har namnedag den 13. august.
Som frittståande namn er Ann ei engelsk kortform av Anna/Anne som er avleidd av det hebraiske namnet Hannah med tydinga 'gunst, nåde'. Dette namnet kan òg brukast som ledd i samansette namn, som Mariann eller An-Magritt.
Førsteleddet Ann- kan òg vera ei form avleidd frå Arn-, norrønt for 'ørn', i namn som Annlaug og Annfrid.
Namnet var lite brukt i Noreg før 1930, men var blant dei mest utbreidde døypenamna for jenter på 1960-talet.
Namneberarar Ann-Margret (f. 1941), svensk-amerikansk skodespelar Ann Kavli (f. 1960), norsk forfattar Ann-Mari Thomassen (f. 1964), norsk sametingsrepresentant Ann Elen Skjelbreid (f. 1971), norsk skiskyttar Ann Kristin Flatland (f. 1982), norsk skiskyttar
Oppdikta personar An-Magritt i romanen av same namn av Johan Falkberget.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ann» frå , den 12. august 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Engelske førenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav