Verner og Werner er mannsnamn av tysk opphav. Werner er òg eit slektsnamn. Verner har namnedag i Noreg og Sverige den 17. august.

Namnet er sett saman av war(in), 'vakt' og hari eller heri, 'her'. Ein tysk variant er Wernher, medan namnet er kjend som Warner på engelsk.

Werner var mykje brukt på gutebarn fødd i første halvdelen av 1900-talet.

Namneberarar Werner Christie (1746–1822), norsk jurist og industrimann Werner von Siemens (1816–1892), tysk oppfinnar og industrimann Werner Söderström (1860-1914), finsk forleggjar som grunnla Werner Söderström OY Werner Seeling (1909-1946), tysk nazist frå andre verdskrigen Verner Panton (1926–1998), dansk møbeldesigner Werner Herzog (f. 1942), tysk filmregissør Werner Bätzing (f. 1949), tysk geograf Werner Christie (f. 1949), norsk politikar og minister

Annan bruk

Wernersholm og Wernersholmvegen i Fana i Bergen

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Verner» frå , den 16. august 2009.

behindthename.com

Kategori:Mannsnamn Kategori:Tyske slektsnamn Kategori:Tyske førenamn Kategori:Namn knytte til strid Kategori:Namn knytte til vern