mini|høgre|Arkitekturen til Linux-kjernen. Linux-kjernen er ein fri Unix-liknande operativsystemkjerne, skriven av Linus Torvalds i 1991 og vidareutvikla av utviklarar rundt om i verda. Kjeldekoden er lisensiert under GNU GPL, og er dermed fri programvare. Han er tilgjengeleg frå The Linux Kernel Archives, kernel.org..
Linux-kjernen var opphavleg utvikla for Intel 80386-prosessoren, men har seinare vorte tilpassa mange andre prosessorar. Han er skriven i programmeringsspråket C og nyttar GNU C-bibliteketBovet, D.P. og Cesati, M., Understanding the Linux kernel, O'Reilly, 2001.. Noko lågnivåkode er skriven i assemblerkode.
For å få eit komplett operativsystem vert Linux-kjernen kombinert med ein god del anna kode, det meste frå GNU-prosjektet, til det som vert kalla ein linuxdistribusjon. Ein linuxdistribusjon vert difor ofte omtala som eit GNU/Linux operativsystem.
Funksjon Linus-kjernen har som oppgåve å styra maskinvare, som prosessor, dataminne og harddisker, og å fordele tilgang og resursar mellom system- og brukarprogramvare. Linux-kjernen er modulvis oppbygd og det er mogleg å konfigurera og kompilera han med ulik funksjonalitet. Nye drivarane kan lastast inn utan rekompileringRubini, A. og Corbet, J., Linux device drivers, 2. utg., O'Reilly, 2001.
Historie Prosjektet starta i 1991 med at den då 21 år gamle finske studenten Linus Torvalds sende ein berømt post til Usenet-gruppa comp.os.minix:
I'm doing a (free) operating system (just a hobby, won't be big and professional like gnu) for 386(486) AT clones...Torvalds , L., Hello everybody out there using minix, groups.google.com.
På dette tidspunktet hadde GNU-prosjektet skapt mange av komponentane som var naudsynt i eit fritt operativsystem, men sjølve kjernen, GNU Hurd, var uferdig og ikkje tilgjengeleg. BSD-operativsystemet hadde framleis ikkje frigjort seg frå sine juridiske problemstillingar. Dette opna eit hol som Linux-kjernen kunne fylle. Til trass for den avgrensa funksjonaliteten i dei tidlege versjonane knytte linux-kjernen raskt til seg utviklarar som la til ny funksjonalitet og forbetringar.
Versjonshistorie
Vedlikehald Linus Torvalds er ansvarleg for oppdateringar og frigjeving av nye versjonar, men han har delegert ansvaret for vedlikehald av eldre versjonar til andre programmerararLinux MAINTAINERS file.. Versjonar heilt tilbake til v. 2.0 vert vedlikehaldne, sjølv om denne versjonen offisielt vart erklært utdatert i januar 1999.
Kjerne-serie Noverande versjon Vedlikehaldar Vedlikehaldsmodell 2.0 2.0.40 David Weinehall Offisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.0Weinehall, D., [ANNOUNCE] Linux-kernel 2.0.40 aka ``The Moss-covered Tortoise'', 8/2-2004. 2.2 2.2.26LATEST-IS-2.2.26 , ftp.kernel.org. Marc-Christian Petersen (tidlegare vedlikehaldar Alan Cox) Uoffisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.27-rc2Petersen, M.-C., Linux 2.2.27-rc2, 13/1-2005,Petersen, M.-C., Linux 2.2.26, 25/2-2004-02-25 2.4 2.4.37.11 Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Marcelo Tosatti) Vedlikehalden frå des. 2008 til des. 2011, siste stabile utgåve av 2.4-serien. 2.6.16 2.6.16.62 Adrian Bunk 1. stabile langtidsutgåve frå mars 2006 til juli 2009, erstatta av v. 2.6.27.xx). 2.6.27 2.6.27.62 Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman) 2. stabile landtidsversjon frå okt. 2008 til 2012? 2.6.32 2.6.32.59gitweb linux-stable.git summary Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman) 3. stabile langtidsutgåve frå des. 2009 til mars 2012 2.6.33 2.6.33.20 Greg Kroah-Hartman 4. stabile langtidsutgpve-term frå mars 2011 til nov. 2011, base for sanntidstre, erstatta av 3.0.xx) 2.6.34 2.6.34.12 Paul Gortmaker 5. stabile langtidsutgåve frå jan. 2011 til 201? 2.6.35 2.6.35.14Annonsering av v. 2.6.35.14 Andi Kleen 6. stabile langtidsutgåve frå des. 2010 til 201? 2.6.39 2.6.39.4 Linus Torvalds Vedlikehalden frå mai 2011 til aug. 2011), siste stabile utgpve av 2.6-kerne-serien. 3.0 3.0.36gitweb linux-stable.git summary Greg Kroah-Hartman 7. stabile langtidsutgåve frå juli 2011 til 201?, base for sanntidstre 3.2 3.2.21 Ben Hutchings 8. stabile langtidsutgåve frå mars 2012 til 201?, nytta i Ubuntu 12.04 LTS 3.3 3.3.8 Vedlikehalden til juni 2012). 3.4 3.4.4 Siste stabile versjon. linux-next next-20120622 Siste utviklingsversjon
Kjelder
Kategori:Linux Kategori:Operativsystemkjernar Kategori:Fri programvare Kategori:Open kjeldekode