Live in London (Beach Boys '69 i Nord-Amerika) er eit konsertalbum av The Beach Boys, opphavleg gjeve ut av EMI i Storbritannia i mai 1970 og i USA via Capitol Records den 15. november 1976.
Bakgrunn 1968 var eit vanskeleg år for The Beach Boys i heimlandet der det hadde gått kraftig nedover med karrieren deira. I Europa hadde dei framleis eit sterkt fotfeste, noko dette konsertalbumet syner. Konserten vart halde medan dei heldt på med innspelinga av 20/20. Etter at samlealbuma Endless Summer og Spirit of America overraskande gjorde det bra i 1974 og 1975, vart the Beach Boys igjen populær i heimlandet, særleg på konsertane deira. Det var på denne tida Capitol valde å slå til å smi medan jarnet var varmt. Dei gav ut albumet under eit nytt namn, Beach Boys '69, trass i at albumet faktisk var spelt inn i desember 1968. The Beach Boys sitt eige selskap hadde nettopp gjeve ut det doble konsertalbumet The Beach Boys in Concert, men Beach Boys '69 klarte likevel å oppnå suksess og nådde 75. plass hausten 1976. Den britiske utgåva nådde ikkje albumlista i Storbritannia.
Ein trur at The Beach Boys skulda Capitol eit album til før kontrakten deira var over, så dei gav ut dette konsertalbumet for å ende kontrakten. Albumet kom ut på CD i 1990 (og igjen i 2001) i lag med konsertalbumet frå 1964, Beach Boys Concert.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Live in London (The Beach Boys album)» frå , den 11. september 2009. oppgav desse kjeldene: Surf's Up: The Beach Boys On Record Brad Elliott c. 1981 Beach Boys Concert/Live in London CD-hefte, David Leaf, c. 1990. Allmusic
Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Konsertalbum frå 1970