mini|300px|Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til nettlesaren Internet Explorer. mini|300px|Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til nettlesaren Mozilla. URL er kort for Uniform Resource Locator og viser til «adresser» på Internett. URL er ei form for URI (Uniform Resource Identifier), og dei to omgrepa blir ofte blanda saman. URLar er ofte sette saman av bokstavar og ord, og blir gjerne brukt i staden for IP-adresser, som er kombinasjonar av tal.

Ein URL er sett saman av visse delar: protokoll://underdomene.domene.toppdomene:port/sti/side Til dømes: http://www.nrk.no/ Delane blir skilde av kolon, skråstrekar, punktum og visse andre teikn.

Soge URLen blei skapt i 1994 av Tim Berners-Lee, Marc Andreessen, Mark P. McCahill, Alan Emtage, Peter J. Deutsch og Jon Postel som del av den nye verdsveven. Utforminga baserte seg på unixadresser, som brukte skråstrekar til å skilja mellom ulike nivå i adressa. Tim Berners-Lee har seinare uttalt at han angra på bruk av punktum i servaraddessa, og på dei to skråstrekane først i adressa.Uniform Resource Locators (URL)URL Specification

Protokollar Den første delen av ein URL seier som regel kva internettprotokoll som skal brukast. Opphavleg kommuniserte brukarprogram på ulike datamaskinar via eigne propritære protokollar, men etter kvart vart det utvikla eit standardisert protokollhierarki med fleire lag. På toppen av dette hierarkiet finn ein applikasjonsprotokollar, som til dømes ftp, http, smtp, osb.

ProtokollFøremålTydingProgramStandardporthttpNettsider på verdsvevenHyper Text Transfer Protocol (www)Nettlesar (browser, vevlesar)80httpsSikker transport av data på verdsvevenHyper Text Transfer Protocol Secure (www)Nettlesar443ftpFiloverføringFile Transfer ProtocolFTP-program eller nettlesar21ircChatInternet Relay ChannelIRC-programDynamisknewsNyhende/diskusjonsgrupper- Nyhendegruppelesar119telnetTekstbasert tilgang til nettverksutstyr -Telnet-program23

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Uniform Resource Locator» frå , og «URL» frå den 5. august 2010.

Kategori:Internett Kategori:Identifikasjon