Vega (Alpha Lyrae) er den sterkaste stjerna i stjernebiletet Lyra. Ho er òg den femte sterkaste stjerna på stjernehimmelen, målt etter tilsynelatande lysstyrke. Stjerna ligg om lag 25 lysår frå sola, altså nokså nært.
Vega var den første stjerna som blei fotografert, i 1850, og i 1872 blei ho den første stjerna som ein tok bilde av spekteret til.
Namnet Vega kjem frå det arabiske ordet waqi, «fallande», frå uttrykket an-nasr al-wāqi‘ (نسر الواقع) som tyder «den fallande ørna».
Andre namn på stjerne er akkadisk tir-anna, «himmelliv», babylonsk dilgan, «lysbodberaren», kinesisk zhi nü, vevaren, sanskrit abhidjit, sigrande. Romarane kalde henne berre fidis, lyre, eller lyrestjerna. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stjerna Vega» frå , den 13. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
Om stjernebildet Lyra og Vega (engelsk)
Lyrae, Alfa Lyrae, 03 172167 091262 7001 0721 Kategori:Lyra Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Delta Scuti-variable Kategori:Lambda Boötis-stjerner Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda