Ibisar er ei gruppe med 26 artar langbeinte vassfuglar i ibisfamilien Threskiornithidae. Dei har alle lange nedbøygde nebb, finn vanlegvis føde gruppevis med å søkje etter byttedyr i gjørme. Dei fleste artane hekkar i tre, ofte saman med skeistorkar eller hegrar. Ordet ibis kjem frå gresk, opphavleg lånt frå egyptisk språk hîb. Heilagibis var eit objekt for religiøs ærefrykt i oldtida i Egypt, spesielt knytt til guden Thoth. Ved byen Hermopolis blei ibisar alne opp spesielt for offerførmål og i Serapeum ved Saqqara, har arkeologar funne mumiar av ein og en halv million ibisar og hundretusenar av falkar.

Artar Ibisar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Kjelder Denne artikkelen bygger dels på «Ibis» frå , den 22. september 2009 Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008) Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 19. september 2009

Bakgrunnsstoff Videoar med ibisar hos Internet Bird Collection

Kategori:Ibisfamilien