Louis V. Gerstner jr. () var ein amerikansk forretningsmann som var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1993 til 2002. Gerstner jobba i McKinsey & Company i New York City 1965–1977, og deretter i American Express i 11 år. Han jobba så nokre år for RJR Nabisco, før han overtok stillinga i IBM etter John F. Akers. IBM hadde store finansielle problem, med underskot i 1993 på over 8,1 milliardar dollar. Gerstner klarte på ein utradisjonell måte å snu denne negative tendensen. Allereie i 1994 var underskotet snudd til eit overskot på 3 milliardar dollar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louis V. Gerstner jr.» frå , den 25. september 2009. .

Kategori:USA-amerikanske forretningsfolk Kategori:Folk frå New York