Sir Edward Victor Appleton () var ein engelsk fysikar, kjend for undersøkingane sine av ionosfæren. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1947 for grunnleggande arbeid over Heaviside-laget og utbreiinga av radiobølgjer i atmosfæren. I 1946 fekk han Faraday-medaljen av Institute of Electrical Engineers.
Frå 1924 var han professor i fysikk ved King's College i London og frå 1936 professor i naturfilosofi ved universitetet i Cambridge. Frå 1939 til 1948 var han sekretær i Department of Scientific and Industrial Research i London og frå 1948 rektor ved universitetet i Edinburgh. Han var medlem av Royal Society og president i International Scientific Radio Union. Appleton fekk Nobelprisen 1947
Kjelder
Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Folk frå City of Bradford Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Frimurarar Kategori:Haakon VII Fridomskross Kategori:Fysikarar på 1900-talet