Herta Müller () er ein rumensk-tysk forfattar og nobelpristakar i litteratur.
Med sine sjølvbiografisk farga romanar skildrar Herta Müller den tyske minoriteten sitt liv i det kommunistiske Romania, og tilpassinga til dei ekstreme forhalda der. Ho har vorte kalla ein kronikør over kvardagen i diktatura, og verka er prega av opprør til forsvar for tanke- og ytringsfridom. Literaturpreis der Konrad-Adenauer-Stiftung, s. 29 På grunn av kritikken hennar mot regimet måtte ho flykte heimlandet 1987, og ho bur no i Berlin. Ved sidan av virket som forfattar er ho verksam som forelesar ved universitet. Ho vart tildelt Nobelprisen i litteratur for 2009 med grunngjevinga at ho «med poesins förtätning och prosans saklighet tecknar hemlöshetens landskap.»
Biografi
Herta Müller vart fødd i den rumenske delen av Banatet og høyrer til schwabane, den tyskspråklege minioriteten i landet. Far hennar hadde til liks med mange andre rumenarar ei fortid i SS. Mor hennar vart deportert til ein sovjetisk arbeidsleir i Ukraina i 1945 og var der i fem år.Biobibliographical notes, The Nobel Prize in Literature 2009, sida vitja 8. oktober 2009 Foreldra hennar var bønder.Presentation vid Green European Summer University 2008
Herta Müller studerte germanistikk og rumensk litteratur ved Universitetet i Timişoara og deltok i Aktionsgruppe Banat, ei gruppe rumenarar og tyskarar som kjempa for ytringsfridom. I 1976, etter studia, fekk ho arbeid som omsetjar på ein fabrikk, men fekk sparken i 1979 fordi ho nekta samabeide med Securitate, den rumenske tryggingstenesta. Ho byrja arbeide som lærar og skreiv det som kom til å verte novellesamlinga Niederungen. Boka vart utgjeven i Romania i sensurert form, men det usensurerte manuskriptet vart smugla ut av landet og boka utgjeven i Vest-Europa der boka vart svært godt motteke. I korte prosastekstar vert eit landbygdsmiljø skildra frå synsvinkelen til eit barn. 1984 gav Müller ut Drückender Tango. Ho vitja så bokmessa i Frankfurt der ho snakka ope om diktaturet i Romania, og etter det fekk ho ikkje lenger gje ut bøker i Romania.
Müller og hennar dåverande ektemann,http://www.complete-review.com/authors/mullerh.htm forfattaren Richard Wagner, reiste i eksil i Vest-Tyskland i 1987 etter at bøkene hennar vart forbodne i heimlandet og ho vart oppsagt frå arbeidet sitt. I det nye heimlandet fekk ho arbeid som lærar på ein høgskule. DN - Jag skrev för att jag var rädd
Ho har gjeve ut fleire romanar etter at ho busette seg i Tyskland. I 1995 vart ho medlem i Deutschen Akademie für Sprache und Dichtung. Ho melde seg ut or PEN i 1997 i protest mot att den vest-tyske avdelinga skulle slåast saman med den aust-tyske.Presentation vid Green European Summer University 2008
I 2009 vart Herta Müller tildelt Nobelprisen i litteratur.
Forfattarskap Bakgrunnen for forfattarskapen til Müller er erfaringane med forfølginga og undertrykkinga under regimet til Ceauşescu. Ho tek opp problema den tyske minoriteten hadde, men òg fascisme og korrupsjon hjå den tyske minoriteten.
Bibliografi Niederungen, 1982 Drückender Tango, 1984 Der Mensch ist ein großer Fasan auf der Welt, 1986 Barfüßiger Februar, 1987 Reisende auf einem Bein, 1989 Wie Wahrnehmung sich erfindet, 1990 Der Teufel sitzt im Spiegel, 1991 Der Fuchs war damals schon der Jäger, 1992 Eine warme Kartoffel ist ein warmes Bett, 1992 Der Wächter nimmt seinen Kamm, 1993 Angekommen wie nicht da, 1994 Herztier, 1994 Hunger und Seide, 1995 In der Falle, 1996 Heute wär ich mir lieber nicht begegnet, 1997 Der fremde Blick oder Das Leben ist ein Furz in der Laterne, 1999 Im Haarknoten wohnt eine Dame, 2000 Heimat ist das, was gesprochen wird, 2001 Der König verneigt sich und tötet, 2003 Die blassen Herren mit den Mokkatassen, 2005 Este sau nu este Ion, 2005 Atemschaukel, 2009
Verk om Herta Müller Paola Bozzi Der fremde Blick (2005) Herta Haupt-Cucuiu Eine Poesie der Sinne (1996) Herta Müller ed. av Brigid Haines (1998) Ralph Köhnen Der Druck der Erfahrung treibt die Sprache in die Dichtung : Bildlichkeit in Texten Herta Müllers (1997) Lyn Marven Body and narrative in contemporary literatures in German : Herta Müller, Libus̆e Moníková and Kerstin Hensel (2005) Bogdan Mihai Dascălu Held und Welt in Herta Müllers Erzählungen (2004) Iulia-Karin Patrut Schwarze Schwester - Teufelsjunge : Ethnizität und Geschlecht bei Paul Celan und Herta Müller (2006) Grazziella Predoiu Faszination und Provokation bei Herta Müller (2000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Herta Müller» frå , den 8. oktober 2009.
Presentatsjon på nettstaden til Svenska Goetheinstitutet Prague Writers festival 2001 Beverley Driver Eddy, Herta Müller, Dickinson College
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Rumenske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Tyske nobelprisvinnarar