Statland, eller Nord-Statland, er ei bygd i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Staden ligg på vestsida av Namsfjorden.
På Statland ligg Statland kyrkje frå 1992, og Statland skole og Stjerten barnehage.
Statland har vegsamband via Fylkesveg 215 i Nord-Trøndelag nordover til Utvorda i Flatanger kommune og sørover til Fylkesveg 766 i Tøtdal.
Fotnotar
Kategori:Busetnader i Namsos Kategori:Bygder i Trøndelag Kategori:Namdalseid