Les Diablerets er eit 3 210 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Vaud, vest i landet, og er det høgaste punktet i kantonen. Til vanleg vert Les Diablerets nytta som namn på heile fjellmassivet, som elles har fleire toppar enn sjølve hovudtoppen av Les Diablerets. Desse er: Oldenhorn Tête Ronde Scex Rouge Tour St. Martin (Quille du Diable) Culan
Les Diablerets har to isbrear. Ein liten bre, Glacier des Diablerets, som ligg kring toppen av fjellet, og ein mykje større; Glacier de Tsanfleuron.
Ein skiutfartsstad med same namnet, Les Diablerets, ligg ved fjellet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Les Diablerets» frå , den 11. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff Diablerets på SummitPost Offisiell side for vintersportsstaden Glacier 3000 skiområde
Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Bern-Alpane Kategori:Skistader i Sveits Kategori:Turistmål i Sveits Kategori:Kabelvogner i Sveits Kategori:Fjell i Vaud