Phoenix Wright: Ace Attorney er eit dataspel innan sjangrane eventyrspel og visuell roman, utvikla av Capcom. Det var opphavleg utgjeve til Game Boy Advance i 2001 i Japan, og har sidan blitt utgjeve på fleire plattformer. Utgåva av spelet til Nintendo DS, titulert Gyakuten Saiban Yomigaeru Gyakuten i Japan, blei utgjeve i 2005 i Japan og Nord-Amerika, og i 2006 i Europa, og har engelsk tekst. Spelet er det første i Ace Attorney-serien, og har fått fleire oppfølgjarar og biprodukt.
Historia følgjer Phoenix Wright, ein fersk forsvarsadvokat som freistar å få sine klientar erklært «ikkje skuldig». Andre karakterar er sjefen til Phoenix, Mia Fey, assistenten hans og syster til Mia, Maya Fey og aktoren Miles Edgesworth. Spelaren kontrollerer Phoenix gjennom to typar av seksjonar: etterforsking og rettssak. Under etterforskingar samlar dei inn informasjon og bevis, og under rettssaker spør dei ut vitne og svarer på spørsmål frå dommaren, aktoren og vitna. Historia er delt inn i fem saker, der den femte blei introdusert i Nintendo DS-utgåva for å utnytte spelemekanikkar som bruker peikeskjermen, som ikkje er tilgjengelege i den originale utgåva til Game Boy Advance.
Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All er den direkte oppfølgjaren til spelet.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2001 Kategori:Eventyrspel Kategori:Game Boy Advance-spel Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Visuelle romanar Kategori:WiiWare-spel Kategori:Windows-spel