Summer In Paradise er det 27. studioalbumet til The Beach Boys og kom ut sommaren 1992.

Det var frå starte av tenkt som eit soloprosjekt for Mike Love, men vart gjeven ut som eit Beach Boys-album. Dette er det einaste albumet til Beach Boys der Brian Wilson ikkje medverkar og vart heller ikkje godt motteke av tilhengjarane til bandet. Songane er i hovudsak skriven av Terry Melcher og Mike Love. Innspelingane var ikkje heilt problemfrie og var starten på skiljet mellom Love og Al Jardine, som etter kvart vart sterkare og enda med at Jardine forlet gruppa i 1998.

Dette er til dags dato det siste albumet med nyproduserte songar frå bandet. I 1995 gjorde dei eit forsøk på ei gjenforeining med Brian Wilson i lag med Don Was, men prosjektet vart avbrote etter berre to innspelte songar. I 1996 gav bandet i staden ut ei countryplate der kjende artistar tolka Beach Boys-songar.

Innhald

Medverkande The Beach Boys Al Jardine – vokal Bruce Johnston – vokal, klaverinstrument Mike Love – vokal Carl Wilson – vokal

Andre medverkande Adrian Baker – vokal Rod Clark – bassgitar Craig Fall – gitar, mandolin, keyboard-bass Danny Kortchmar – gitar Sal Marullo – conga trommer Ken Mary – trommer Roger McGuinn – Rickenbacker 12-strengsgitar, vokal (berre britisk utgåve) Terry Melcher – klaverinstrument, vokal Sammy Merendino – trommer Van Dyke Parks – trekkspel, klaverinstrument Joel Peskin – saksofon John Stamos – vokal, trommer Richard Titus – klaverinstrument Keith Wechsler – klaverinstrument, trommer John Weston – pedalsteelgitar

Bakgrunnsstoff Tekstane til Summer in Paradise

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Summer in Paradise» frå , den 13. oktober 2009, og «Summer in Paradise» frå , den 8. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Musikkalbum produserte av Terry Melcher Kategori:Brother Records-album Kategori:EMI Records-album