Talkin' New York er den andre songen på debutalbumet til Bob Dylan med same namn. Han skildrar kjensla då han først kom til New York City og spelte på kafeane i Greenwich Village, samt livet hans fram til han fekk platekontrakt. Dylan uttrykker kor vanskeleg det var å finne spelestader på grunn av den unike stile hans, «You sound like a hillbilly; We want folk singer here.»
Songen er den første av to songar Dylan skreiv på albumet. Den andre er «Song To Woody». Som ein av dei aller første Dylan-songane han spelte inn, finn ein fleire spor av det som skulle verte synonymt med arbeidet hans. Til dømes linja A lot of people don't have much food on their table/But they got a lot of forks n' knives/And they gotta cut somethin'. har mange gonger vorte trekt fra som eit tidleg eksempel på dei gode tekstane til Dylan.Williams, P., (2004). Bob Dylan: performing artist. Omnibus Press. s.32
Linjene Now, a very great man once said/That some people rob you with a fountain pen. er ein referanse til Woody Guthrie-songen «Pretty Boy Floyd».
Bakgrunnsstoff Teksten
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Talkin' New York» frå , den 17. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:USA-amerikanske folkrocksongar Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar om New York Kategori:Songar produserte av John Hammond