mini|Dei seks klassiske enkle maskinane

Enkel maskin er eit omgrep som stammar frå antikken og som syner til ein maskindel som vert nytta for å endra retning og verdi på ei kraft. Fylgjande seks maskindelar har vorte rekna som «enkle maskinar» sidan renessansen:

Vektstong Skråplan Kile Skruv Hjul og aksling Talje

Sjølv om hjul og aksling er to ulike maskindelar har dei i denne samanhengen tradisjonelt vorte sett på som ein «enkel maskin».

Enkle maskinar kan brukast som «byggjesteinar» til å setja saman meir kompliserte maskinar. Til dømes vert hjul, vektstong og taljer alle brukte i ein sykkel.

Kjelder